Designpraksis 2 - Ideutvikling og eksperimentering
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- DES320
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med dette emnet er at studentane skal fortsette å utvikle sine eigne prosjekt gjennom praktisk eksperimentering, kreativ og aktiv utforsking av metodar, og gjennom testing av idear.
Studentane vil fortsette å arbeide med sine eigne masterprosjekt basert på ein prosjektbeskriving, og skisser og analysar frå DES310 Designpraksis 1. Dei vil vidareutvikle prosjekta sine gjennom utdjupande og målretta utprøvingar i dialog med medstudentar og rettleiarar. Tilbakemelding frå rettleiarar og medstudentar er viktig i denne fasen der studentane tek avgjerder som bestemmer retninga for realiseringa av prosjektet og er forventa å utarbeide ein plan for vidare arbeid.
Den enkelte studenten kan gjennomføre delar av den nødvendige ferdigheitsutviklinga ved ein annan utdanningsinstitusjon gjennom utveksling, eller gjennom periodar med overvaka praktisk opplæring.
Læringsutbyte
Etter gjennomført emne skal studenten ha oppnådd følgende læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- Avansert forståing av designmetodikk og spesialiserte designmetodar
- Evne til å identifisere, trekke ut og bruke resultat frå testing på designprosjekt
Ferdigheiter:
- Kunne eksperimentere med metodar
- Utvikle spesialiserte metodiske ferdigheiter (metodar, teknikkar, verkstadbruk)
Generell kompetanse:
- Avansert forståing av korleis ein kan bruke designmetodikk og metodar
- Kunne utvikle eit prosjekt gjennom eksperimentering
- Trekke ut erfaringar og konklusjonar frå testing i forhold til individuelle designprosjekt
- Kunne velje, bruke og tilpasse eigna metodar basert på prosjektforståing
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Individuelt prosjektarbeid
- Rettleiing (individuelt eller i grupper)
- Seminar og verkstader
- Verkstad/studiopraksis
- Plenumsframføring og diskusjon.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Delta og presentere under midtveispresentasjon.
Obligatorisk undervisningsaktivitet som skildra over må bli godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:¿
Mappevurdering. Mappen skal innehalde:
- Visuell dokumentasjon
- Refleksjonskomponent beståande av visuelle, skriftlege eller relevante material som utdjupar og set designval og prosess i kontekst. Maks. 5000 ord.