Franskdidaktikk 1

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Fagdidaktikk i fransk inngår som ein del av universitetet si fransklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i fransk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis franskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere fransklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskaps-teoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.

Studiet består av fire målområde:

  • Faget si legitimering i skolen i dag
  • Teoriar om språklæring
  • Planlegging av undervisning og tilrettelegging for fransklæring
  • Rettleiing og vurdering

Læringsutbytte

Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i fransk.

Kunnskapar

Kandidaten ...

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i fransk som dannings- og dugleiksfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i fransk

Ferdigheiter

Kandidaten ...

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over franskundervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • Kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i franskfaget i relasjon til læreplanen for faget, og kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori.
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling og kan vurdere elevane sitt læringsutbytte,
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av franskfaget
  • kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og legge til rette for elevar si vurdering av eiga læring
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten ...

  • Kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei franskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
  • Har utviklet innsikt i franskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv.
  • kan reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i fransk, irekna den digitale kompetansen.
  • kan undersøkje og drøfte fransklæring i lys av kunnskap innanfor dei franskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for DIDAFRAN1 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRANSK621 eller FRANSK622.
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

- Om lag 24 timar undervisning inkl. om lag fire timar fellesundervisning i språkdidaktikk

- RettleiIng og skulebesøk

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.

Om det meldar seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAFRAN1 må studentane møte på 80% av undervisninga og ha gjennomført og fått godkjent tre obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Eksempel på aktuelle obligatoriske aktivitetar er intervju med lærar eller elev, loggskriving, forumdiskusjon, presentasjon av forskingsartikkel, munnleg eller skriftleg drøfting av ei fagdidaktisk problemstilling eller presentasjon av eit undervisingsopplegg. Nærare retningslinjer blir gitt ved studiestart.

Oppmøte og dei tre obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein munnleg eksamen på om lag 30 minutt. Samtalespråket er fransk.

Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane. Nærare retningslinjer blir gitt ved studiestart.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.

Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Det psykologiske fakultet
Emneansvarlig
Fagmiljøet i fransk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.