Samfunnskunnskapsdidaktikk 2
Årsstudium
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- DIDASAK2
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Fagdidaktikken handlar om kva eit skulefag er, har vore og kan vere og korleis læraren kan presentere og planleggje faget slik at elever med ulike føresetnader og behov kan tileigne seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei ramane som skulen er underlagt. Dette føreset at læraren har solide kunnskapar og dugleikar innanfor det fagdidaktiske feltet.
Samfunnskunnskapsdidaktikk hentar sine perspektiv dels frå dei samfunnsvitskaplege faga, dels frå pedagogikk og dels frå det tankegodset som læreplanane er tufta på. Det handlar om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunne fungere i samfunnslivet, men også om kunnskapar og dugleikar som legg grunnlaget for vidare studiar.
Undervisninga i DIDASAK2 skal bidra til å vidareutvikle studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål.
Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar sine kunnskapar om og i fag, samt lærer å planleggje, gjennomføre og vurdere kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Studenten har inngående kunnskapar om
- korleis elevar si tenking om sosiale tilhøve utviklar seg
- faget sin funksjon i samfunnet med særleg vekt på demokrati og globalisering
Ferdigheiter
Studenten kan:
- drøfta ulike tilnærmingar til undervisning i samfunnskunnskap
- vurdera læremiddel fagleg og fagdidaktisk i samfunnskunnskap
- formulera siktemål med undervisninga i samfunnskunnskap med utgangspunkt i forsvarlege tolkingar av læreplanane, og med utgangspunkt i perspektiv på globalisering, demokrati og politisk danning planleggja og gjennomføra undervising
Generell kompetanse
Studenten kan
- vidareutvikla fagdidaktisk dugleik som grunnlag for å velje og for å vurdere arbeidsmåtar, lærestoff og oppgåveformer
- utvida sin kapasitet i å bruka og kritisk vurdera ulike læremidlar som ledd i undervisninga i samfunnskunnskap
- oppdatera og fornya eigen fagdidaktisk kompetanse
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.
Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte periodar før og etter praksis. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levera ein caseanalyse som dei gjennomfører i par. Caseoppgåva er obligatorisk og skal vera godkjend før studenten kan framstilla seg til eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.
Vurderingsformer
4 timers skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb.
Litteraturliste
Pensum tilsvarer ca. 375 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.