Praksisbasert bacheloroppgåve i digital kultur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- DIKULT250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisningsspråket er engelsk eller norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
I dette emnet vil studentane fordjupe seg i eit temabasert prosjekt innan digital kultur, som leiar til ei sjølvvalt oppgåve (bacheloroppgåve) laga gjennom praksis-basert forsking. Forskingsspørsmålet og bakgrunnslitteraturen blir valt av studenten i samråd med læraren, og føreslåtte praktiske metodar blir dekte i undervisninga.
Semesterprosjektet må vere eit omfattande, gjennomarbeida og fungerande praktisk arbeid. Det inkluderer også ei skriftleg avhandling som set arbeidet i ein større akademisk kontekst og forklarar metodane som er brukte. Eit praktisk prosjekt kan for eksempel vere eit digitalt kunstverk, eit kritisk spel, eit webdesignprosjekt, ei eksperimentell plattform, eit verk av elektronisk litteratur, o.l.
Oppgåvene gir studentane moglegheita til å fordjupe seg i det området som interesserer dei innan kreativ og praksisbasert digital kulturestetikk.
Opplæring blir gitt i reglar og normer for akademisk oppgåveskriving.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar om
- eit sentralt tema innan digital kultur.
- spesifikk anvendt teknologi.
- akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- utvikle et sjølvstendig praktisk-basert teknologisk prosjekt.
- demonstrere inngåande kunnskap om praktiske forskingsmetodar innan digitale estetikk og design.
- demonstrere inngåande kunnskap om eit fokusert tema innan digital kultur.
- skrive ei avhandling som set prosjektet inn i ein akademisk kontekst og forklarar metodane som er brukte.
- utvikle omfattande dokumentasjon av prosjektet for å framheve relevante aspekt.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- fordjupe seg i eit praktisk fagområde på sjølvstendig basis.
- planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig prosjekt.
- delta konstruktivt i eit samarbeidande workshop-miljø.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Frå og med våren 2026 blir DIKULT250 berre undervist i vårsemester.
Emnet blir tilbydd hausten 2025 for studentar som treng det for å ikkje bli forseinka i studieløpet.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er generelt diskusjonsbasert, og det er forventa at studentane deltar aktivt i diskusjonar i klasserommet og i presentasjonar i elektroniske fora som er ein del av undervisningsprogrammet. Avgrensa teknologisk hjelp vil også bli gitt, men det blir anteke at studentane som tar dette emnet har praktiske ferdigheiter frå tidlegare emne.
Alle studentar må presentere si eiga oppgåve i løpet av semesteret og gi tilbakemelding til medstudentar på deira oppgåver.
Kvar student vil få rettleiingsøkter der hen møter ein rettleiar om sitt eige prosjekt. Dette vil skje anten individuelt eller i ein gruppesetting.
Om færre enn fem studentar melder seg til emnet, kan instituttet tilby redusert undervisning. Se instituttets retningslinjer på Mitt UiB for meir informasjon. I slike tilfelle vil studentane bli varsla før fristen for semesterregistrering.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppmøte og deltaking er obligatorisk. Oppmøte og undervisningsdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Det er tre obligatoriske oppgåver i form av ein éin-sides disposisjon av prosjektideen, ein prototype av det praktiske prosjektet, og eit fullstendig utkast av prosjektet og avhandlinga. Studenten må vere førebudd på å diskutere og presentere prosjektet sitt for klassen på kvart av desse stadia. Dei obligatoriske oppgåvene må godkjennast av emneansvarleg.
Rettleiing er obligatorisk i form av to korte rettleiingsmøte der studenten møter ein rettleiar for sitt eige prosjekt. Det første møtet finn stad ved prosjektstart. Det siste møtet finn stad i forbindelse med innlevering av siste utkast.
Dei obligatoriske oppgåvene er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust 2025.
Frå og med våren 2026 vil DIKULT250 vere eit våremne.