Investering og finansiering I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ECON261
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Å gi ei god forståing av finansielle forhold - og kunne rekne ut verdiar av investeringar.
Kurset gir ei innføring i finansteori, i hovudsak frå eit føretaksøkonomisk synspunkt. Tema er verdsetting av realinvesteringar og verdipapir, både under full visse og under uvisse.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten kan...
- til korleis finansmarknad verkar
- korleis ein tar omsyn til risiko
- dei viktigaste formene for verdipapir
- grunntrekka i det norske kapitalskattesystemet og korleis dette påverkar verdsetting
- til kva ein meiner med ein effektiv marknad
- grensene for teorien, inkludert nokre hovudresultat i åtferdsorientert finans
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- foreta enkle investeringsanalyser for føretak, inkludert risikojustering
- finne enkle optimale porteføljar for investorar
Generell kompetanse
Kandidaten er blitt betre til å...
- følgje detaljert argumentasjon
- kunne skjelne mellom god og dårlig argumentasjon
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent innleveringsoppgåve. Leverast i grupper på 2-4 studentar. Studenter med vektige grunnar kan søkje om å få levere individuelt.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studentene må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.