Engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG226L (skoleeksamen) eller ENG266L (semesteroppgåve).

Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i engelskspråklege land, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjera studentane gode i skriftleg og munnleg engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på
  • har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å reflektere kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser

Generell kompetanse

Studenten

  • kan uttrykkje seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav til forkunnskapar, men sjå "Tilrådde forkunnskapar".
Anbefalte forkunnskaper
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115), og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), og ENG125, eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp kan ein ikkje få utteljing for både ENG226L og ENG266L, ENG226 eller ENG266.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga i framandspråk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 20 timar (normalt 2 timar i veka i 10 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

For å kunne ta eksamen må studentane gjere ferdig og bestå to ulike obligatoriske arbeidskrav i tilknyting til seminara. Disse vil vere ein kombinasjon av individuell munnleg presentasjon, og/eller ein munnleg presentasjon i grupper på to eller tre studentar, og/eller respons på slik munnleg presentasjon, og/eller eit kort skriftleg arbeid i seminaret med «peer review», og/eller innleveringar av korte skriftlege arbeid på 300 ord, og/eller leing av diskusjonar i seminara. Den eksakte kombinasjonen og fristar som gjeld vert annonsert på Mitt UiB i byrjinga av semesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg tre timars skoleeksamen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgjande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.