Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present-Day English) språk frå eit vitskapleg perspektiv.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket
  • har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke lingvistiske metodar til å kaste lys over aspekt ved det engelske språket

Generell kompetanse

Studenten

  • har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
  • kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav til forkunnskapar, men sjå "Tilrådde forkunnskapar".
Anbefalte forkunnskaper
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, ENG110 [og det nye lektortilpassa fellesemnet], eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp får ein ikkje studiepoengutteljing for ENG227L om det blir kombinert med ENG223, ENG223L (5 poeng reduksjon), ENG263, ENG211, ENG251, ENG227 eller ENG267. Ein kan ikkje få utteljing for både ENG227L og ENG267L.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga i framandspråk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 20 timar (normalt 2 timar i veka i 10 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen obligatoriske krav, men det blir gitt ei skriftleg oppgåve og ein vil rå til at studentane gjer oppgåva.
Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg tre timars skoleeksamen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggjande emne i moderne engelsk lingvistikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skoleeksamen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.