Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG223 (skoleeksamen) eller ENG263 (bacheloroppgåve).

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg perspektiv.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket

- har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke lingvistiske metodar til å kaste lys over aspekt ved det engelske språket

Generell kompetanse

Studenten

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men sjå «Tilrådde forkunnskapar». .
Anbefalte forkunnskaper

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp kan ein ikkje få uttelling for ENG223 om det blir kombinert med ENG227, ENG267, ENG223L (5 studiepoeng reduksjon), ENG211, ENG251, eller ENG263.
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar (normalt 2 timar i veka i 8 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte. Studentane må vere til stades på minst 75% av seminarundervisninga.

For å kunne ta eksamen må studentane òg gjennomføre og bestå éi obligatorisk oppgåve i tilknyting til seminara.

Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggjande emne i moderne engelsk lingvistikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skoleeksamen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.