Bacheloroppgåve i engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG226L (skoleeksamen) eller ENG266L (semesteroppgåve).

Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur. Arbeidet med semesteroppgåva skal øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane gode i skriftleg og munnleg engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på
  • har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å reflektere kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser

Generell kompetanse

Studenten

  • kan uttrykkje seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav til forkunnskapar, men sjå "Tilrådde forkunnskapar".
Anbefalte forkunnskaper
It is recommended that students have completed the introductory semester as well as ENG110 (or ENG114, ENG115), and ENG120 (or ENG107, ENG108/118, ENG109/119), and ENG125, or equivalent.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp får ein ikkje utteljing for ENG266L dersom det blir kombinert med ENG226L, ENG266, eller ENG226.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 20 timar (normalt 2 timar i veka i 10 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

For å kunne ta eksamen må studentane gjere ferdig og bestå to ulike obligatoriske arbeidskrav i tilknyting til seminara. Disse vil vere ein kombinasjon av individuell munnleg presentasjon, og/eller ein munnleg presentasjon i grupper på to eller tre studentar, og/eller respons på slik munnleg presentasjon, og/eller eit kort skriftleg arbeid i seminaret med «peer review», og/eller innleveringar av korte skriftlege arbeid på 300 ord, og/eller leiing av diskusjonar i seminara. Den eksakte kombinasjonen og fristar som gjeld vert annonsert på Mitt UiB i byrjinga av semesteret.

Studentane skal óg levere eit utkast på semesteroppgåva på minimum 1000 ord. Det blir gjeve rettleiing (individuelt og/eller i gruppe). Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Det er obligatorisk å få rettleiing to gonger. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4500 ord (±10%), der studenten i eige kapittel om teori, data og metode på omlag 1000 ord (±10%) skal presentere tankar rundt dei teoretiske og metodiske vinklingane dei har brukt i oppgåva. Tema for oppgåva vel studentane i samråd med faglærar. Talet på ord i litteraturliste og vedlegg er ikkje medrekna.

I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i det skriftlege arbeidet dei har levert. Den munnlege prøva er justerande med ein karakter. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet, og begge eksamensdelane må gjennomførast i same semester.

Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgjande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.