Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VII

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.

ENG337 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema innanfor amerikansk, britisk eller verdslitteratur på engelsk. Innhaldet i emnet vil variera frå år til år. Tekst til faget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt
  • har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar
  • har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ei analytisk tilnærming

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å arbeide med særlege teoretiske/metodiske problemstillingar over ei visstid
  • har vidareutvikla evna til å uttrykkje akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttelljinga for ENG337 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ENG337L.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB og lektorutdanninga med master i framandspråk.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levere eit utkast av semesteroppgåva på 1000 ord, møte til rettleiing, følge retningslinjer og halde fristane sette av instituttet og læraren for emnet. Utkastet må leverast innan fristen gitt av rettleiaren og må godkjennast av rettleiaren. Utkast som ikkje blir godkjende kan reviderast og leverast på nytt éin gong. Studentane har rett til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Rettleiing er obligatorisk. Dersom rettleiinga strekkjer seg over meir enn eitt møte, må studentane vere til stades på alle møta. Rettleiing kan bli gitt individuelt eller i grupper. Studentar som ikkje får utkastet sitt godkjent etter andre forsøk eller som ikkje oppfyller krava nemnd ovanfor kan ikkje levere semesteroppgåva til eksamen.

Dei obligatoriske oppgåvene er gyldige i undervisningssemesteret og eitt semester etter det.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4000 ord (±10%) (eksklusive litteraturliste osv.), følgd av ein munnleg eksamen. Den munnlege prøva kan justere karakteren for semesteroppgåva opp eller ned med éin karakter.

Semesteroppgåva må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet, og begge eksamensdelane må gjennomførast i same semester.

Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt
Programansvarlig
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.