Innføring i franske litterære klassikarar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- FRAN123
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Fransk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal gje ei innføring i klassiske franske tekstar frå det 16. hundreåret og fram til 1900. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og på bakgrunn av kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane.
I studiet av tekstane vert merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til fransk litteratur- og kulturhistorie.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative, dramatiske og lyriske tekstar
- kan gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk
- kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransklitteraturhistorie
Ferdigheiter
- Studenten kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
Generell kompetanse
- Studenten har ein generell kompetanse i lesing, skriving og tekstfortolking
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Undervisninga finn stad i Bergen.
Dette emnet kan òg takast som rent nettstudium: FRAN623
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoar/videoførelesingar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt på campus og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga omfattar førelesingar / førelesingsopptak og seminar samt filmframsyning.
Det blir gitt rettleiing i samband med innlevering av utkastet til eksamensoppgåva. Studentane vert òg oppmoda til å samarbeida om førebuinga av oppgåva og til å gi kvarandre respons på utkastet. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før fristen for semesterregistrering 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.
2. Studentane skal levera eit utkast (på 1000-1500 ord) til semesteroppgåva (sjå vurderingsform) i Mitt UiB for å få tilbakemelding på dette frå faglærar før ein gjer ferdig endeleg versjon. Oppgåvene ein kan velje mellom vert kunngjorde i byrjinga av semesteret i samband med undervisninga.
3. I løpet av dei første fire vekene skal studentane levera i Mitt UiB ei fransk-norsk ordliste (minimum 50 ord) frå pensum-verk dei har vald å arbeide med i litteraturoppgåva.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Tekstpensum:
Omfattar eit utval tekstar frå det 16. til det 19. hundreåret.
Studentar som er mindre vant med å lesa litterære tekstar på fransk vert oppmoda til å lesa originaltekstane parallelt med omsettingar til norsk der dei finnast.
Bakgrunnsstoff:
Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 16. til det 19. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.
I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesing.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.