Innføring i franske litterære klassikere

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gje ei innføring i klassiske franske tekstar frå det 16. hundreåret og fram til 1900. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse, og på bakgrunn av kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane.

I studiet av tekstane vert merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla, og korleis tekstane er knytte til fransk litteratur- og kulturhistorie.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative, dramatiske og lyriske tekstar
  • kan gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk
  • kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransklitteraturhistorie

Dugleik

  • Studenten kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

Generell kompetanse

  • Studenten har ein generell kompetanse i lesing, skriving og tekstfortolking

Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN623 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Nettbasert undervisning som finn stad på læringsplattformen MittUiB og på ZOOM. Dette emnet kan òg takast som vanleg campusstudium: FRAN123
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer hovudsakleg på fransk og føreset gode franskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN623 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN123 eller FRAN102. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105 eller FRAN106.

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Vidare.
Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoar/videoførelesingar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer på ZOOM og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga omfattar førelesingar / førelesingsopptak og seminar samt filmframsyning. Det blir gitt rettleiing i samband med innlevering av utkastet til mappeoppgåva. Studentane vert òg oppmoda til å samarbeida om førebuinga av oppgåva og til å gi kvarandre respons på utkastet. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar. .

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før fristen for semesterregistrering 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1.Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar for å få gå opp til vurdering i emnet.

2.I tilknyting til mappearbeidet (sjå «Vurderingsformer») skal studentane levera eit utkast til litteraturoppgåva på mellom 1000 og 1500 ord i Mitt UiB for å få tilbakemelding på dette frå faglærar før ein gjer ferdig endeleg versjon. Oppgåvene ein kan velje mellom vert kunngjorde i byrjinga av semesteret i samband med undervisninga. Dei vert òg publisert i Mitt UiB saman med dei to innleveringsdatoane for litteraturoppgåva: ein dato for innlevering av utkast i Mitt UiB og INSPERA og ein dato for endeleg versjon berre i INSPERA.

3. I løpet av dei første fire vekene skal studentane levera i Mitt UiB ei fransk-norsk ordliste (minimum 50 ord) frå pensum-verk dei har vald å arbeide med i litteraturoppgåva.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsformen er ei mappe med to innleveringar.

Dei følgjande to innleveringane utgjer grunnlaget for mappevurderinga i litterær analyse. Oppgåvetema vert delt ut rett etter undervisningsstart.

1. Studentane skal skriva eit fyrste utkast til oppgåva (mellom 1000 og 1500 ord) på fransk med innlevering i midten av semesteret på Mitt UiB såvel som i INSPERA. Studentane får tilbakemelding frå faglærar på denne fyrste versjonen av arbeidet i Mitt UiB.

2. I slutten av semesteret skal studentane levera ein endeleg versjon av oppgåva (mellom 1500 og 2000 ord) som tek omsyn til kommentarane frå faglæraren.

Datoane for innleveringane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på Mitt UiB i tillegg til å bli publisert på emneskildringssida.

Det blir gitt ein samla karakter på mappa. Vurderinga skjer på grunnlag av retningsliner for oppgåvene, som vert gitt i studiet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Tekstpensum:

Omfattar eit utval tekstar frå det 16. til det 19. hundreåret.

Studentar som er mindre vant med å lesa litterære tekstar på fransk vert oppmoda til å lesa originaltekstane parallelt med omsettingar til norsk der dei finnast.

Bakgrunnsstoff:

Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 16. til det 19. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesing.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.

Emneevaluering
Emneevaluering blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne under føresetnad av korrekt bruk av kjelder. Det seier seg sjølv at arbeidet som vert levert inn er studenten sitt eige verk. UiB nyttar eit system til plagiatkontroll av eksamensinnleveringar. Studentane vert fråråda å bruke oversettingsprogram.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyre for fransk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.