Litterært særemne

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Siktemålet for emnet er å undersøkje ei gitt litterær problemstilling som kan vera knytt til ein sjanger, ein periode, eit forfattarskap, eit litteraturvitskapleg grunnlagsproblem eller liknande.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god innsikt i problemstillingar knytte til litteratur (og eventuelt andre kunstnariske uttrykk), litteraturteori og metodar som er blitt gjennomgått
  • har kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formidle kunnskap innanfor fagområdet til medstudentar, i undervisningssamanheng eller til eit breiare publikum
  • kan vidareutvikle tema for eksempel i ein masteroppgåve

Generell kompetanse

Studenten

  • kan demonstrere ferdigheiter i korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar
  • kan planleggja og gjennomføra rettleia arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling, leite fram relevant bakgrunnsmateriale og presentere resultat frå dette arbeidet i akademisk form
  • har grunnleggjande røynsle med prinsippa for og bruk av digital kjeldekritikk

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert uttellinga i studiepoeng for FRAN308 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN308L og med 15 studiepoeng om det vert kombinert med litterært særemne FRAN303/304.

Eit eventuelt overlapp i pensum med FRAN206/FRAN206L eller FRAN256/FRAN256L blir i samråd med faglærar erstatta (med f.eks. andre teoretiske tekstar) i byrjinga av semesteret.

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt 3 timar førelesningar, seminar og rettleiing i veka i 12 veker. Undervisninga kan bli digital.

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som leggjer til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller eit meir individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det vil også vere noko felles fjernundervisning med studentar ved ENS i Yaoundé i Kamerun.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane vel i samråd med faglærar eit individuelt pensum som del av grunnlaget for semesteroppgåva.

I løpet av dei 7 første førelesingsvekene skal studentane ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga for å få gå opp til eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter

Vurderingsformer

Eksamen er ei fire vekers semesteroppgåve på om lag 4000 ord. Studentane møter til eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.

Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen som omfattar spørsmål om semesteroppgåva og pensumet på omlag 20-30 minutt. .

Skriftleg eksamensdel tel 70 prosent og munnleg 30% av samla karakter i emnet. Karakterane vert sette like etter munnleg eksamen. Begge prøvene må vere greidde i same semester.

Ein har ikkje krav på rettleiing om eksamen utsettast til følgjande semester.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum i litterær fordjuping er samansett av ein litterær del (3-5 litterære verk), og ein teoretisk del (om lag 100 sider).

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.