Litterært særemne
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- FRAN308L
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Fransk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har god innsikt i problemstillingar knytte til litteratur (og eventuelt andre kunstnariske uttrykk), litteraturteori og metodar som er blitt gjennomgått
- har kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet
Ferdigheiter
Studenten
- kan formidle kunnskap innanfor fagområdet til medstudentar, i skulesamanheng eller til eit breiare publikum
- kan vidareutvikle tema for eksempel i ein masteroppgåve
Generell kompetanse
Studenten
- kan demonstrere ferdigheiter i korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar
- kan planleggja og gjennomføra rettleia arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling, leite fram relevant bakgrunnsmateriale og presentere resultat frå dette arbeidet i akademisk form
- har grunnleggjande røynsle med prinsippa for og bruk av digital kjeldekritikk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert uttellinga i studiepeong for FRAN308L redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN308 eller litterært særemne FRAN303/304.
Eit eventuelt overlapp i pensum med FRAN206/FRAN206L eller FRAN256/FRAN256L blir i samråd med faglærar erstatta (med f.eks. andre teoretiske tekstar) i byrjinga av semesteret.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir normalt gitt 3 timar førelesningar, seminar og rettleiing i veka i 12 veker. Undervisninga kan bli digital.
Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som leggjer til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet, til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller eit meir individuelt tilpassa undervisningsopplegg . Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane vel i samråd med faglærar eit individuelt pensum som del av grunnlaget for semesteroppgåva.
I løpet av dei 7 første førelesingsvekene skal studentane ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.
I samband med eksamen skal det vera minst eitt rettleiingsmøte. Dette møtet finn stad i løpet av eksamensperioden.
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga for å få gå opp til eksamen i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ei tre vekers skriftleg rettleidd semesteroppgåve med oppgitt tema på på om lag 3000 ord. Studentane møter til eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.
Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen som omfattar spørsmål om semesteroppgåva og pensumet på omlag 20-30 minutt. .Munnleg og skriftleg eksamensdel tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Begge prøvane må vere greidde i same semester.
Ein har ikkje krav på rettleiing om eksamen utsettast til følgjande semester.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum i litterær fordjuping er samansett av ein litterær del (2-4 litterære verk), og ein teoretisk del (om lag 75 sider).
Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.