Innføring i sedimentologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV107
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i sedimentologi og sedimentologiske metodar.
Kurset starter med ei oversikt over forvitringsprosessar og deira betydning for korleis sediment og sedimentære bergartar vert danna. Sedimenttransport- og avsettingsprosessar samt sedimentære teksturar og strukturar vert diskutert. Vidare vert mineralsammensetting, klassifikasjon og danning av dei viktigaste sedimenttypane gjennomgått. Det vert gitt ei oversikt over sedimentære avsettingsmiljø og sedimentære basseng.
I øvingane blir danning av sediment og skildring og tolking av sediment, sedimentære bergartar og strukturar gjennomgått.
I løpet av semesteret blir det eit 6-dagers feltkurs i sør-Spania der ein får ei innføring i sedimentologiske feltmetodar og avsetjingar frå forskjellige sedimentære miljø og deira forhold til klima, havnivåendringar og bassengutvikling.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare kva eit sedimentbasseng er for noko
- kan forklare forskjellen på fysisk og kjemisk vitring
- kan forklare samanhengen mellom vitring, erosjon og sedimentsamansetjing
- skal ha kjennskap til viktige prinsipp i væskedynamikk som er relevant for sedimenttransport og avsetjing
- kan forklare danninga av dei forskjellige sedimentære strukturane
- kan forklare korleis sediment blir til sedimentære bergartar
- kan forklare forskjellane i danning av silisiklastiske sediment og karbonatsediment
- kan forklare forskjellane i diagenesen av silisiklastiske sediment og karbonatsediment
- kan forklare danninga av forskjellige karbonatavsetjinger
- kan forklare danninga av forskjellige evaporittavsetjinger
- kan forklare danninga av leirsteinar, sandsteinar og konglomerat
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte eit presist geologisk fagspråk til å skildre og diskutere sedimentære strukturar, teksturar og prosessar
- kan identifisere hovudtypane av sedimentære bergartar slik som leirsteinar, sandsteinar, konglomerat, kalksteinar, og evaporittar.
- kan tolke prosessane som førte til danning av desse basert på bergarten si samansetting og sedimentære strukturar
- kan identifisere miljøet (kontinentalt, grunnmarint, dypmarint) sedimenta blei avsette i
- kan forklare kva slags sedimentære bergartar som er karakteristiske i forskjellige typar sedimentasjonsbasseng
Generell kompetanse
Studenten
- får eit grunnlag for vidare studiar i sedimentologi og sekvensstratigrafi
- kan gjennomføre feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningsliner
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar: 2 timar pr. veke i 13 veker
Praktiske øvingar: 2 timar pr. veke i 11 veker over fylgjande tema: Vitring, sedimentære teksturar, sedimentære strukturar, klassifikasjon av sandsteinar, karbonatar, bruk av logg, tolking av avsettingsmiljø
Fortløpande tilbakemelding på innleverte øvingar
Feltkurs: 1 veke sør i Spania med følgjande presentasjon av oppgitt emne.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på feltkurset i Spania
Godkjende innleveringer (9) i samband med dei praktiske øvingane
Godkjent presentasjon over oppgitt tema relatert til feltkurset.
Godkjende obligatoriske deler er gyldige i tre semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen - 4 timar
Digital eksamen sjå: www4.uib.no/for-studenter/eksamen-og-innleveringer/saleksamen