Glasialgeologi og geomorfologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- GEOV230
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål: Emnet har som mål å gje ei innføring i periglasiale prosessar og former, glasiologi, samt glasialgeologiske prosessar og -former i fast fjell og lausmassar. Glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har, og har hatt, på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar er sentrale tema i emnet. Målet er også at studentane skal kunne danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane og at dei skal kunne utarbeide eit kvartærgeologisk kart med tilhøyrande feltrapport.
Innhald: Emnet byrjar med eit feltkurs på Vestlandet, der avsetningar frå brear og brenære geologiske miljø vert studerte og kartlagde. Førelesingane starter med ei innføring i glasiologi (brelære), der mellom anna massebalanse, brerørsle og brehydrologi vert gjennomgått. Vidare vert glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har hatt på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar gjennomgått. Det vert òg gjeve ein kort oversikt over andre kvartære landformer danna ved kjemisk og fysisk forvitring, skred og elver. Danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane vert gjennomgått. Beskriving og tolking av korleis havnivået har endra seg under og etter istidene inngår også i emnet. Glasiasjonsforløpet til den skandinaviske innlandsisen vert gjennomgått, med vekt på isavsmeltingsforløpet mot slutten av siste istid i Noreg.
I vunderingsformer er en gruppeforskningsprosjekter inngår feltrapport og map, og to individuell øvingar i tolking av glasiale avsetningar og former.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare sentrale glasiologiske omgrep og definisjonar
- kan forklare korleis småskala erosjons- og avsetningsformer er danna
- kan forklare korleis glasiale landformer er danna
- kan forklare danningsmåte og klassifikasjon av glasiale avsetningsformer
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere sjølvstendige feltobservasjonar
- kan kjenne att geologiske prosessar og glasialgeologiske erosjons- og akkumulasjonsformer
- kan beskrive og tolke glasiale erosjons- og avsetningsformer i felt
- kan skrive individuell feltdagbok
- kan utarbeide og rapportere feltdata skriftleg og framstille data grafisk
- kan grunngje tolkingar
- kan utarbeide eit kvartærgeologisk kart
- kan tolke grafar og figurar
- kan gjennomføre søk etter relevant litteratur, samt referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke eit presist geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geologiske prosessar og hendingar
- kan erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i, vår uavhengigheit av og innverknad på geosystemet
- kan demonstrere evna til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
- kan gjennomføre feltarbeid på ekskursjon i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningsliner
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet
Undervisningssted
Anbefalte forkunnskaper
GEOV105
Studiepoengsreduksjon
10 sp med GEO111 (SV-fakultetet) og GEOV106
5 sp overlapp med AG204 frå UNIS