Paleoseanografi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- GEOV331
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er eit avansert seminar med fokus på å formidle forståing for aktuelle vitskaplege debattar i paleoseanografi med vekt på den siste glasiale syklus. Emnet analyserer geologiske bevis på korleis havsirkulasjon og kjemi har variert tilbake i tid, kva som driv desse endringane, og kva for effekt endringane har på mellom anna klima og klimagassar. Verktøya for å undersøke endringar i havsirkulasjonen, som proksiar (f.eks. 18O, 13C, Cd, Mg, Nd, Sr, Pa/Th, sorterbar silt, 14C, etc.) og datamodellar vert studert. Studentane skal nytte primærkjelder til å skaffe seg innsikt i korleis vitskaplege framsteg vert gjorde, og for å lære objektiv og kritisk tolking og vurdering av resultat, samt diskutere tydinga av resultata.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan summere opp havsirkulasjon i tidlegare tider, og forklare korleis den skilte seg frå den moderne tilstanden
- kan forklare metodar som vert nytta til å rekonstruere havet sin kjemi og sirkulasjon, og moglege feil i samband med kvar metode
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og tolke data og trekke logiske slutningar om tidlegare endringar i havet
- kan formulere og presentere vitskapelige argument og konsept
- kan kritisk vurdere vitskapelige studiar for robustleik, logisk og empirisk konsekvens, klarheit, og reflektere over tydinga av eit resultat
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide og diskutere i grupper for å kollektivt tolke vitskapelege data
- kan presentere, diskutere, og kritisk vurdere primær litteratur
- kan formulere ein vitskapeleg hypotese og designe eit eksperiment for å teste hypotesen
Studiepoeng, omfang
5 stp.
Studienivå (studiesyklus)
Masteremne
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Instituttet kan vurdere fritak frå forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
5 sp overlapp med GEOL326
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av seminar.
Seminar, 2 timer i veka over 14 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppmøte på seminar.
Vurderingsformer
Mappevurdering:
- presentasjon
- prosjektsøknad
- aktivitet i undervisning
Obligatorisk aktivitet er kun gyldig eitt semester.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere inn prosjektsøknad og seminararbeid i dei semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.