Innføring i geofag og berekraft: Jordas struktur og indre prosessar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- GEOV601
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i nokon av dei mest sentrale delane av geologifaget med fokus på Jorda si oppbygnad, samansetning og prosessar som verkar i Jorda sitt indre. Emnet er spesielt retta mot lærarar, og har fokus på geofagdidaktikk, som er relevant for undervisning i både geofag og geografi.
Innhald
Undervisninga er nettbasert og omfattar førehandsinnspelte førelesingsvideoar, refleksjonsbaserte oppgåver og student-drivne øvingar. Emnet gjev ein grunnleggjande introduksjon til Jorda sin interne struktur, klassifikasjon av bergartar og mineral, vulkansk og magmatisk aktivitet, jordskjelv, metamorfose og deformasjon av jordskorpa, samt platetektonikk. Videre tek undervisninga føre seg forvitring, erosjon, transport og avsetjing av sediment danning av sedimentære bergartar, samt ressursar som energi, mineral og malm i eit berekraftsperspektiv. Kurset inneheld tre digitale kveldsseminar med refleksjonsbaserte øvingar og gruppediskusjon, samt ei fysisk samling med årleg rotasjon mellom ulike byar i Noreg (felles med kursa GEOV602 og GEOV603). Ved behov vil denne bli tilrettelagt for hybrid deltaking.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten kan
- forklare Jorda si geologiske historie i korte trekk
- definere og forklare sentrale geologiske omgrep og definisjonar
- gjere greie for korleis ulike bergartar og mineraler dannes
- gjere greie for korleis ulike geologiske prosessar (som platetektonikk og tektonisk aktivitet) virkar og samvirkar på jorda.
- kan diskutere samanhengen mellom årsak og verknad for ulike geologiske prosessar
Ferdigheiter
Studenten kan
- nytte grunnleggjande fagterminologi og uttrykksformer
- beskrive ulike geologiske prosessar som kontinentaldrift, bergartsdanning og tektonisk aktivitet.
- gjennomføre søk etter relevant litteratur, vise forståing av kjeldekritikk og nytte korrekt kjeldetilvising
- lese og forklare enkle grafar og figurar med geologisk informasjon
Generell kompetanse
Studenten kan
- nytta eit presist geologisk fagspråk til å skildre geologiske prosessar og hendingar
- demonstrere evne til å arbeide individuelt
- demonstrere evne til å arbeide i grupper
- formidle emnet sin relevans i samfunnet
- nytta geofagdidaktiske metodar for å formidle geofag