EU og internasjonale organisasjoner

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet vil gi ei oversikt og innsikt i virkeområda til internasjonale og overnasjonale organisasjoner ved hjelp av organisasjons- og governance teori. Hovudfokus vil vera på EU og nokre sentrale internasjonale organisasjonar som til dømes WTO, IMF/Verdsbanken og FN, samt Noreg sitt forhold til desse. I tillegg til å gje studentane konseptuell reiskapar for analyse av desse organisasjonane og deira handlingar, vil vi diskutere utvalde empiriske case av europeisk og global styring, slik som matsikkerheit, migrasjon og handel.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten:

  • kan gi ei oversikt over korleis dei internasjonale og overnasjonale institusjonane er organisert og opererer i globale styringsprosessar.
  • kjenner ulike teoriar som kan forklare framveksten, funksjonane og påverknaden til internasjonale organisasjonar.
  • forstår korleis desse organisasjonane påverkar norsk politikk og politiske prosessar.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan forklara bakgrunnen for og framveksten av desse institusjonane
  • kan drøfta utviklinga av institusjonar på det internasjonale eller overnasjonale styringsnivået i lys av orgainsasjons- og governance teori
  • vurdera effektane av internernasjonale organisasjonar ved hjelp av deira evne til problemløysing, legitimitet og maktrelasjonar.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan vurdera nasjonale institusjonar og politiske prosessar i lys av internasjonale institusjonelle utviklingstrekk
  • kan innhenta ny kunnskap, kritisk vurdera og formidla den
  • kan samanlikne og samanstille ulike teoretiske perspektiv og bruke dei på empiriske fenomen.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper

AORG100A

AORG100B

GOV100

Studiepoengsreduksjon

AORG107 (10 sp)

GOV107 (10 sp)

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
9-10 førelesningar og 7-8 seminarsamlingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein gruppeinnlevering (1500 ord +/- 10%).

Dei obligatoriske innleveringane må vere godkjente for å ha rett til å avlegge eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i inneverande og dei to påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.