Historie mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- HIS350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Normalt vert emnet undervist på norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som bygger på eit sjølvstendig studium av historiske kjelder og/eller historisk litteratur.
Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gi studentane djupare innsikt i teori og metode innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruke fagets teori, metodar, teknikkar og forskingsetikk i løysinga av historiske problem.
Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- er ein fagekspert innan sitt forskingsfelt.
- har ein brei empirisk kunnskapsbase.
- har innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar samt ei solid forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy.
Ferdigheiter
Studenten
- er kompetent i utøving av forskingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
- kan etablere problemstillingar som kan leie til ny historisk kunnskap innan eit valt forskingsfelt.
- har studenten ferdigheiter i kartlegging og evaluering av kjelder og litteratur, og basert på dette kan studenten ekstrahere, systematisere og analysere informasjonstilfanget.
- har både praktisk og prinsipiell forståing av historisk metode, kan gjennomføre kritisk analyse av tekst og kjelder, dokumentere eigne slutningar og posisjonere eige bidrag i forhold til etablert kunnskap på det gjeldande forskingsfeltet.
- kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.
Generell kompetanse
Studenten
- demonstrerer sin kompetanse til å utøve historisk forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggande normer og metodar som akademisk disiplin.
- er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere komplekse saksbilete, syntetisere relevant informasjon samt å grunngje eigne slutningar.
- viser evne til å problematisere og reflektere kring omgrep, kunnskap, teori og metode.
- har kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet ved institutt for AHKR, har rett til individuell rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale.
Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar. Studentane følgjer det same masterseminaret som rettleiarane sine. På masterseminara skal studentane delta jamleg med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
- Masteroppgåve
- Munnleg prøve
Masteroppgåva skal ha eit samla sidetal på om lag 70-110 sider. Masteroppgåva skal leverast elektronisk via Inspera. Det vert gitt eigen karakter på masteroppgåva. Deretter vert mastergraden avslutta med ein munnleg eksamen som tar utgangspunkt i masteroppgåva. Denne munnlege karakteren kan justera karakteren på masteroppgåva éin karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.