Italiensk språk 2
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ITAL124
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.
Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har tileigna seg hovuddraga i moderne italiensk grammatikk.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan forstå og gjere for dei sentrale problema i italiensk grammatikk
- kan òg integrere den grammatiske kunnskapen i eigen språkleg praksis.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
- kan vidareutvikle kunnskapane sine i ein studiekontekst eller i yrkeslivet
- har videreutvikla sin dugleik i å uttrykkje seg på italiensk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet har form av seminarverksemd. Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere to timer med seminar på campus kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Studentane på ITAL124 får også høve til å ta del i nettundervisninga i ITAL624.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen den 1. september for haustemne.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere ei skriftleg utgreiing på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Denne oppgåva blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.
Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein munnleg eksamen på omlag 30 minutt. Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva.
I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.