Fordjuping i eldre italiensk litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet ITAL205 har som mål å leggje til rette for ei inngåande forståing av eldre italiensk litteratur. Emnet omfattar studium av sentrale tekstar frå den eldre italiensk litteraturen. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kjenner godt dei utvalde verka i litteraturlista.
  • har kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til verka.
  • har kunnskap om sentrale litteraturteoretiske omgrep.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan bruke dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekstar.
  • kan gjere greie for tekstane tematisk og plassere dei i kulturhistorisk perspektiv.
  • kan drøfte, skriftleg og munnleg, problemstillingar knytte til pensum.
  • kan formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg italiensk.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg.
  • kan vidareutvikle kunnskapane sine med tanke på vidare studium og yrkesliv.
  • kan kommunisere på italiensk på eit relativt høgt nivå.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen og digitalt
Krav til forkunnskaper
Det er ingen formelle krav, men all undervisning skjer på italiensk.
Anbefalte forkunnskaper
60 studiepoeng på 100-nivå i italiensk eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagled overlapp vert studiepoengutteljinga for ITAL205 redusert med 15 studiepoeng dersom emnet vert kombinert med ITAL255 eller ITAL252, og redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med ITAL250.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av førelesningar og seminarverksemd.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ei førelesing (dobbelttime) og eit oppgåveseminar (dobbelttime) kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Undervisninga fell saman med undervisninga for ITAL255.

Om det melder seg færre enn fem studentar til båe emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I dette emnet skal studenten gjennomføre to undervisningsaktivitetar:

  • ein skriftleg tekstkommentar på om lag 500-600 ord
  • ein munnleg presentasjon knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider presentasjonen i samråd med faglærar.

Aktivitetane vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Studenter som har fått godkjent begge dei to obligatoriske aktivitetane kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er gyldig i det semesteret dei blir gjennomførde i og påfølgande semester.

Vurderingsformer
Studenten skal møte til heimeeksamen på fire timar for å svare på eitt eller fleire spørsmål frå pensum. Prøva skal skrivast på italiensk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av dei obligatoriske arbeidskrava frå semesteret før.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar den 1. desember for bruk i vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studenten får ikkje ta i bruk nokon hjelpemiddel under munnleg eksamen. I arbeid med heimeeksamen må studenten utvise akademisk reielegheit. For meir informasjon om omgrepet gå til nettsida, "Reielegheit og fusk".
Programansvarlig
Programstyret for italiensk har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.