Fordjuping i eldre italiensk litteratur med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet ITAL255 har som mål å leggje til rette for ei inngåande forståing av eldre italiensk litteratur. Emnet omfattar studium av sentrale tekstar frå den eldre italiensk litteraturen. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kjenner godt dei utvalde verka i litteraturlista.
  • har kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til verka.
  • har kunnskap om sentrale litteraturteoretiske omgrep.

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan bruke dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekstar.
  • kan gjere greie for tekstane tematisk og plassere dei i kulturhistorisk perspektiv.
  • kan drøfte, skriftleg og munnleg, problemstillingar knytte til pensum.
  • kan formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg italiensk.

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg.
  • kan vidareutvikle kunnskapane sine med tanke på vidare studium og yrkesliv.
  • kan kommunisere på italiensk på eit relativt høgt nivå.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen og digitalt
Krav til forkunnskaper
Det er ingen formelle krav, men all undervisning skjer på italiensk.
Anbefalte forkunnskaper
60 studiepoeng på 100-nivå i italiensk eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagled overlapp vert studiepoengutteljinga for ITAL255 redusert med 15 studiepoeng dersom emnet vert kombinert med ITAL205 eller ITAL252, og redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med ITAL250.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av førelesningar og seminarverksemd.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ei førelesing (dobbelttime) og eit oppgåveseminar (dobbelttime) kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Undervisninga fell saman med undervisninga for ITAL205.

Om det melder seg færre enn fem studentar til båe emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I dette emnet skal studenten gjennomføre to undervisningsaktivitetar:

  • ein skriftleg tekstkommentar på om lag 500-600 ord
  • ein munnleg presentasjon knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider presentasjonen i samråd med faglærar.
  • Bacheloroppgåva må vere rettleia. Difo må studenten møte til rettleiing etter avtale med emneansvarleg.

Tekstkommentar og munnleg presentasjon vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Studenter som har fått godkjent begge dei to aktivitetane og møtte til rettleiing kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er gyldig i det semesteret dei blir gjennomførde i og påfølgande semester.

Vurderingsformer

Vurderinga i emnet er delt i to:

1. Studenten skal levere til vurdering ei rettleidd bacheloroppgåve på mellom 4000 og 5000 ord skriven på italiensk. Oppgåva tel 50 % av den samla karakteren i emnet.

2. Studenten skal møte til munnleg eksamen på 20 minutt som vil føregå på italiensk der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet. Munnleg eksamen tel 50 % av den samla karakteren i emnet.

Begge eksamensdelane må vere greidde i det same semesteret. Kandidatar som får karakteren F på bacheloroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg eksamen.

Dei som fullfører og består emnet kan ikkje ta emnet på nytt jf. Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen § 8-1 (2).

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Viss du har registrert gyldig fravær vil du få tilbod om kontinuasjonseksamen i same semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar den 1. desember for bruk i vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisning og vurdering vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

I arbeid med bacheloroppgåva må studenten utvise akademisk reielegheit. For meir informasjon om omgrepet gå til nettsida, "Reielegheit og fusk".

På munnleg deleksamen har kandidaten ikkje lov til å bruke nokon form for hjelpemiddel.

Programansvarlig
Programstyret for italiensk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av dette emnet m.m.
Emneansvarlig
Programstyret for italiensk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.