Mediebruk og mediepåverknad

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Bruk av forskjellige medier til informasjon, kommunikasjon og underhaldning er ein del av kvardagslivet for dei fleste menneske. Media påverkar oss, men korleis?

Dette emnet tar opp forholdet mellom mediene og brukarane, og går inn på kva mediebruk betyr for politisk og kulturell meiningsdanning. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene, kva dei får ut av den bruken, og korleis menneske kan bli påverka av medier. Dette vert knytt opp mot undersøkingar frå historisk og samtidig mediebruks- og publikumsforsking. Emnet gjer kritiske perspektiv på debattar om skjermtid, medievald, propaganda og desinformasjon, historisk og i dag.

Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av - teoriar for analyse av mediebruk og mediepåverknad.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og forskingstradisjonar i mediebruksforskinga
  • har grunnleggjande kunnskap om mediebruk og mediepåverknad, historisk og i dag

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan presentere synspunkt i debattar om mediepåverknad

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan nytte teori og kritiske perspektiv i diskusjon av problemstillingar knytt til mediebruk

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Byggjer på MEVIX101 og MEVIX102. Studentar som ikkje har MEVIX101 og MEVIX102 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.
Studiepoengsreduksjon
  • MEVIG (medievitskapleg grunnfag): 10 studiepoeng
  • MEVI102: 10 studiepoeng
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Seminaret er retta inn mot løysing av øvingsoppgåver med utgangspunkt i pensum.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på seminar (80%) og øvingsoppgåver (gruppearbeid, presentasjonar og individuelle tekstoppgåver) i tilknyting til seminar er obligatorisk.

Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Seks timars skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.