Film, TV og visuell kultur: Historie og teori - bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- MEVI223B
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med dette emnet er å styrkje studentane si kunnskap om visuelle tekstar sin form og innhald, og å utvikle evna til å bruke sentrale teoriar og analytiske perspektiv på utvalde medietekstar. Det blir lagt vekt på å knyte uttrykksmessige og innhaldsmessige aspekt ved medietekstane til relevante kontekstuelle faktorar. Desse kan variere frå semester til semester, til dømes i form av institusjonelle, teknologiske og/eller produksjonsmessige rammevilkår. Emnet tek også sikte på å setje tekstane inn i ein breiare kulturhistorisk kontekst. Det kan òg ha fokus på bestemte uttrykk, sjangrar, praksisar eller tema som kjenneteiknar den visuelle mediekulturen.
Dette semesteret er målet med emnet å gje studentane verktøy til å analysere TV-seriar gjennom kjønnsteoretiske perspektiv. Studentane skal utvikle evne til å bruke sentrale teoriar frå feministisk film- og medievitskap, maskulinitetsstudiar og kulturstudiar for å kunne gjere kritiske analysar av serielle forteljingar. Emnet undersøker korleis TV-seriar gjennom forteljing, karakterar og visuelle uttrykk forhandlar spørsmål om kjønn, makt og identitet, og korleis dei inngår i vidare institusjonelle og kulturhistoriske samanhengar prega av skiftande kjønnforståingar. Det blir lagt særleg vekt på sjangrar, praksisar og tematikar der kjønn spelar ei sentral rolle, og på korleis TV-seriar fungerer som ein nøkkelarena for å tenkje om kjønnsrelasjonar og samfunn i vår tid.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha oppnådd følgjande læringsutbytte, definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om korleis kjønn blir representert og forhandla i TV-seriar
- har kjennskap til sentrale teoriar frå feministisk medievitskap, maskulinitetsstudiar og kulturstudiar
Ferdigheiter:
Studenten:
- kan analysere TV-seriar kritisk ved hjelp av ulike kjønnsteoretiske perspektiv
- kan vurdere og nytte relevant akademisk litteratur i munnlege og skriftlege diskusjonar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan nytte kjønnsteoretiske perspektiv i sjølvstendig arbeid med TV-seriar
- kan halde seg oppdatert på relevant forskingslitteratur og formidle eigne analysar på ein tydeleg måte
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve, ca. 8000 ord, med veiledning.
Kan leverast på engelsk, norsk, svensk eller dansk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vurdering i undervisningssemesteret.
Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-reglementet § 5-5 kan søkje om utvida innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendast inn før den opphavlege innleveringsfristen har gått ut.