Visuell Kultur: Historie, teori, fortolking

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Bildekulturen er gjennomgripande for samfunnet vi lever i, frå det estetiske til det politiske feltet. Det visuelle formar det sosiale livet, men blir på same tid sjølv forma av det. Konsekvensane av denne komplekse vekselverknaden er eit hovudtema for studiar av dei praksisane, fenomena, objekta, opplevingane, og erfaringane som utgjer den visuelle kulturen. Faget rommar dermed heile breidda av bildeuttrykk, frå måleriet og fotografiet til film, video, fjernsyn, gaming, VR, og datasimulasjonar.

Målet med dette emnet er å gi studentane kunnskapar om ulike medium, estetiske uttrykk og former, sjangrar, omgrep, teoretiske perspektiv, og fortolkingstradisjonar i den visuelle kulturen. Emnet gir ei brei innføring i sentrale medieestetiske og kunstvitskaplege omgrep, samt i spørsmål knytta til analyse og forståing av den visuelle mediekulturen sine ulike representasjonsformer. Tema og omgrep som blir belyste i emnete varierer men kan mellom anna inkludere synspraksisar, synsmåtar, representasjon, teoriar om visualitet og om blikket, stilistikk og form, bildeteknologiar, kjønn og seksualitet, identitet, etnisitet, realisme, modernisme, makt og bilder, aktivisme, økologi, og overvåkning. Emnet bygger på humanistiske tilnærmingar og metodar som hermeneutikk, semiotikk, narratologi, filmteori, og allmenn bildeteori.

Læringsutbytte

Studenten skal etter avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • har grunnleggjande kunnskap om visuell kultur, medieestetikk, medieteori-og analyse
  • har grunnleggjande forståing av sentrale omgrep og teoriar i feltet visuell kultur
  • har grunnleggjande forståing av dei ulike representasjonsformene sin eigenart, og innsikt i historiske endringar i den visuelle kulturen

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan nytte omgrep og teoretiske innsikter frå visuell kultur til å ghere greie for vesentlege trekk ved bildekulturen
  • kan analysere og fortolke form, innhald, og betydning i ulike bildemedier og estetiske praksisar
  • kan nytte bildeteoretiske perspektiv og omgrep på konkrete visuelle uttrykk og fenomen

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan bruke sentrale teoretiske perspektiv og hermeneutiske metodar i praktisk analyse av fenomen i den visuelle mediekulturen

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Kurset byggjer på MEVI121 - MEVI124, særleg MEVI123
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar og seminarmøter, og kan også inkludere filmframsyningar og ekskursjonar til museum og gallerier.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i seminargrupper (80%).
  • Muntleg presentasjon av ein pensumrelatert tematikk, teori og/eller analyseeksempel for seminargruppa.
  • Ei skriftleg seminaroppgåve på omlag 1500 ord.

Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ein 4-dagars heimeeksamen på omlag 3500 ord, +/- 10%, ikkje medrekna innhaldsliste og referanseliste.

Eksamenen vert gitt på same språk som undervisningsspråket.

Eksamensoppgåva kan leverast på  norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.