Retorikk og strategisk kommunikasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målretta kommunikasjon er eit vesenstrekk ved mennesket og ein integrert del av verksemda til organisasjonar, interessegrupper og politiske parti. Både i sosiale relasjonar og i det offentlege livet søkjer menneske og institusjonar konstant å overtyda, informera og endra andres åtferd. Som medborgarar blir vi utsette for påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar og slike pregar retorikk og strategisk kommunikasjon politikk og samfunnsliv. I dette emnet studerer vi slik kommunikasjon teoretisk og praktisk.

Heilt frå retorikken til Aristoteles og sofistane og til våre dagars medie- og kommunikasjonsforsking har mennesket prøvd å greie ut korleis vi påverkar kvarandre. Emnet trekkjer på desse tradisjonane og gir ei historisk og systematisk innføring i retorikk og strategisk kommunikasjon som generell medie-, kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på slik kommunikasjon i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle omstende, og som konstruksjon av identitet. Vi drøftar forholdet til sjanger, medium og formidlingsmåtar. Vi ser på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk, og vi undersøkjer korleis forskjellige medier påverkar retorikk og strategisk kommunikasjon.

I MEVI124 gjer me ikkje berre historiske, teoretiske og analytiske studium, me utviklar også forståing for  og kompeanse i praktisk kommunikasjonsarbeid skrifltlig og munnleg. Emnet gir forståing for måtane som andre søkjar å påverka deg, men også korleis du på etisk og vellykka vis kan påverka andre.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • kan beskriva sentrale trekk i utviklinga av kommunikativ påverknad frå antikkens retorikk og fram til våre dagars mediesamfunn og strategisk kommunikasjon.
  • kan gjera greie for sentrale teoriar innan fagfeltet, frå dei klassiske innføringar i kunsten å tala til moderne teoriar om påverknad, strategisk kommunikasjon og retorikk i media og offentlegheita.
  • kan gjera greie for betydninga, funksjonen til og verdien av retorikk og strategisk kommunikasjon i offentlegheita, inklusiv spørsmål om demokratiske ideal og etikk.

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan utføra retorisk analyse og evaluering av forskjellige ytringar og genrar
  • kan utvisa ferdigheiter i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon og formidling, samt praktisera overtydande munnleg og skriftleg framstilling
  • kan gi grunnleggjande tilbakemelding på persuasiv tekst og tale, samt bidra med grunnleggjande rådgiving i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan bruka kunnskapane sine til å forstå retoriske situasjonar, samt setja seg inn i kommunikasjonsutfordringar
  • kan bruka ferdigheitene sine til å gjera grunnleggjande analyse, formidla og utøve grunnleggjande rettleiing i møte med slike situasjonar og utfordringar
  • kan reflektera over spørsmål om retorikk og strategisk kommunikasjon i forhold til funksjon, effekt, etikk og demokratiske ideal.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
MEVIX101 og MEVIX102. Studentar som ikkje har MEVIX101 og MEVIX102 anbefalast å setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp med MEVI104 og RET101 (10 studiepoeng).
Krav til studierett
Berre for studentar på bachelorprogram i medier og kommunikasjon, årsstudium i medier og kommunikasjon eller bachelorprogram i retorikk.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, seminar og workshop.

Obligatoriske praktiske øvingar og presentasjonar kan inngå i førelesningar, seminarer eller workshop.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande obligatoriske undervisningsaktiviteter må være godkjend for å kunne gå opp til eksamen:

  • Tekstlig aktivitet: Skriva en persuasiv tekst (ein tekst som har eit overbevisande formål, som til dømes ein kronikk); kommentera på ein medstudent sin persuasive tekst; revidera eigen tekst og levera ferdig tekst.

Den skriftlige persuasive teksten har fagfellevurdering mellom studentar, og dessutan tilbakemelding frå seminarleiarar eller faglærar i workshop. Teksten inngår i eksamensmappa.

  • Muntlig aktivitet: holde en kort muntlig presentasjon/tale og gi tilbakemelding på andres presentasjon/tale.
  • Godkjend tre av seks kortsvaroppgåver
  • Oppmøte på seminar (80%)

Godkjende obligatoriske undervisningsaktiviteter er bare gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består i en retorisk rapport. Den retoriske rapporten må med bakgrunn i teoriar frå emnet gjere greie for vurderingar som er gjort i arbeidet med den persuasive teksten. Den godkjente persuasive teksten må legges ved eksamensbesvarelsen.

Den retoriske rapporten skal vere på omlag 3000-3500 ord. Verken mindre eller meir (alt inklusiv).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.