Teknologi i samfunnet - Bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med kurset er å gi ei teoretisk fordjuping i forholdet mellom informasjonsteknologi og samfunn. Studenten lærer om dei tekniske, sosiale og historiske kreftene som bidreg til utviklinga av ny teknologi. Kurset presenterer teoriar om teknologi, design og innovasjon, og drøftar ulike oppfatningar av kva krefter som set sterkast preg på utviklinga av moderne informasjonsteknologi.

Kurset består av ein forelesingsserie om sentrale teoriar og ei seminarrekke der teoriane blir kobla til aktuelle tekniske praksisar i dialog med ekspertar på feltet.

Læringsutbytte

Ved gjennomføring av dette emnet vil studenten ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har kunnskap om forholdet mellom ulike akademiske teoriar om teknologiutvikling.har kunnskap om aktuelle tekniske praksisar.

Ferdigheiter

Studenten kan diskutere forholdet mellom teknologiske og sosiale krefter i den historiske utviklinga av moderne informasjonsteknologi.kan reflektere kritisk rundt sentale teoretiske posisjonar og formulere eigne meiningar som blir underbygd med argument frå fagfeltet.kan analysere ein aktuell teknisk praksis i lys av teoriar.

Generell kompetanse

Studenten kan bruke sentrale teoretiske perspektiv til å forklare og forstå utviklinga av informasjonsteknologi og funksjonen den har i samfunnet, og presentere slikt arbeid i muntleg og skriftleg form.

Studiepoeng, omfang

15 ECTS

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og workshops.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent muntleg bidrag til workshop: å gi en presentasjon og utføre en kritisk opposisjon.

Deltakelse i workshops (80 %)

Det er inga tidsavgrensing for godkjende arbeidskrav.

Vurderingsformer

Sjølvvalgt bacheloroppgåve på 8000 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.