Medieretorikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Formålet med emnet er å gje studentane historisk og teoretisk innsikt i tilhøvet mellom retorikk, sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar. Emnet gjer studentane i stand til å analysera døme på påvirkning, kommunikasjon og retorikk med tanke på korleis sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på og samverkar med retorikken sitt innhald, form og funksjon.

MEVI243 handlar om korleis menneske nyttar media og kommunikasjonsteknologiar i deira retorikk, og korleis media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på menneska sin retorikk. Vi undersøkjer korleis medieteknologiar har innverknad på uttrykk og innhald i kommunikasjonen, og ser på kva konsekvensar det har for vår måte å tenkje, kommunisere og handla retorisk. I utforskinga av tilhøvet mellom sjanger, medium, teknologi og retorikk vil MEVI243 kvart semester fordjupe seg i eitt eller fleire emne. Emna varierer frå år til år. Det kan for eksempel vera kunstig intelligens, reklame, sosiale medier, dokumentarfilm, politisk retorikk, pressefoto, internett, spel, underhaldning eller fjernsynsdebatt.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten...

  • kan nemna sentrale hendingar, personer og utviklingstrekk i samanheng med medieretorikken si historie.
  • kan gje historiske og teoretiske framstillingar av tilhøvet mellom retorikk, sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar.

Ferdigheter

Studenten...

  • kan analysera døme på mediert retorikk med tanke på korleis sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på og samverkar med retorikken sitt innhald, form og funksjon.
  • kan vurdera og normativt evaluera (for eksempel etisk, effektivt, pedagogisk eller pragmatisk) om konkrete retoriske ytringar er passande for visse media og kommunikasjonsteknologiar.

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan anvende sine ferdigheiter og kompetanse til å forstå retoriske og strategiske genre og ytringar i mediesamfunnet
  • kan setja retorisk bruk av medier inn i ein større historisk, sosial, kulturell og teknologisk samanheng

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Bygger på MEVI124. Studentar som ikkje har MEVI124 blir tilrådd å sette seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar før semesterstart.
Studiepoengsreduksjon
MEVI203 og MEVI203B (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Berre for studentar på bachelorprogram i medier og kommunikasjon, årsstudium i medier og kommunikasjon eller bachelorprogram i retorikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning skjer fortrinnsvis i form av førelesningar, workshops og rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend(e) seminaroppgåve(r) og -deltaking (80%). Godkjend pensumtest.

Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skriftlig heimeeksamen over 4 dagar samt justerande munnleg eksaminasjon.

Heimeoppgåva skal vera på 3000 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.

Den justerande munnleg eksamen kan justere endelig karakter opp eller ned med ein karakter.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.