Laboratorieprosjekt i molekylærbiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med dette kurset er å trena studentane i bruk av molekylærbiologiske teknikkar innanfor ramma av eit forskingsprosjekt, i ein rettleiars laboratorium. Studenten vil få ein introduksjon til hovudforskingsprosjektet, metodane som blir brukte og dei strategiske vala som er gjorde for å adressera eit definert sett med forskingsspørsmål, støtta av utvalde originale forskingsartiklar. Innhaldet i prosjektet vert definert av rettleiar, men vil alltid inkludera metodar som er svært relevante for forsking innan molekylærbiologi. Omfanget av emnet er bestemt av studiepoeng, og skal tilsvara rundt 250 timar. Dette inkluderer laboratoriearbeid (ca 200 timar), resultatanalyse, føring av laboratoriejournal, forelesingar, litteraturlesing, utarbeiding og presentasjon av poster. Studentane bør kunne starta prosjektarbeidet i løpet av andre veka i semesteret, slik at prosjektet er fullført før eksamenslesinga i andre emne startar. Starttidspunkt kan likevel variera grunna andre plikter til rettleiar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan forklare prinsippa bak dei ulike forsøka som inngår i prosjektet
  • kjenner til relevante reglar for tryggleik i laboratoriet både for personale og miljø

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføre, analysere og tolke eigne molekylærbiologiske funn
  • kan føre ein detaljert og nøyaktig laboratoriejournal
  • kan presentere resultat og analysere funn frå prosjektoppgåve
  • leser relevant faglitteratur

Generell kompetanse

  • Studenten kan planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår, avhengig av antal tilgjengelege rettleiarar og prosjekt.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33 i haustsemesteret og onsdag i veke 2 i vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

For å fullføra emnet må studenten gjennomføra eit prosjekt med ein av dei vitskaplege tilsette som foreslår eit prosjekt.

Vårsemesteret: Tilgjengelege prosjekt vil bli presentert på orienteringsmøtet. Studentane rangerer deretter det føretrekte prosjektet. Emneansvarleg fordeler deretter prosjekta så godt som mogleg.

Haustsemesteret: Det er ansvaret til studentane å kontakta potensielle rettleiarar direkte for å finna eit prosjekt. Det er ikkje mogleg å delta på dette emnet dersom du ikkje har funne ein rettleiar og eit prosjekt sjølv. Studenten må ha funnet prosjektet seinast innan fristen for å melde seg til undervisning i emnet (onsdag i veke 33). Ver oppmerksam på at dersom du melder deg til undervisning i emnet utan å ha funne ein rettleiar og eit prosjekt, vil du ikkje få ein plass i emnet. Studentane kan finne ei liste over potensielle rettleiarar på Mitt UiB-sidene til bachelorprogrammet og masterprogrammet. Ta kontakt med studie.bio@uib.no dersom du treng hjelp til å finne lista. Me anbefaler at du startar å leite etter rettleiar mot slutten av vårsemestet om du ønskjer å ta MOL231 i haustsemesteret.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
MOL100 og MOL102. Basal kunnskap i molekylærbiologi og kjemi, særleg viktig er erfaring frå laboratoriearbeid innan molekylærbiologi og kjemi. Emnet høver best i 5. eller 6. semester av bachelorgraden.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Institutt for biovitenskap og at du oppfyller forkunnskapskrava.

Dersom emnet vert fullt, vert studentar som har fullført dei obligatoriske emna i graden prioritert.

I haustsemesteret må studentane sjølve finne rettleiarog prosjekt for å få plass i emnet. Meir utfyllande informasjon finn du i avsnittet Undervisningssemester.

Arbeids- og undervisningsformer
  • 4x forelesingar (Infomøter om generelle aspekt ved emnet, om laboratoriejournalføring og om poster-laging-instruksjon. Ei forelesing kor studentane øver seg på den munnlege presentasjonen)
  • Prosjektarbeid under rettleiing av vitskapleg personale som gir prosjektet
  • Presentasjon av utført arbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal gjennomføra følgjande aktivitetar:

  • Delta på alle 4 infomøta.
  • Lesa, signera og levera ein student-/rettleiaravtale.
  • Gjennomføre prosjektet,registrere og send inn timar som er brukt for å gjennomføra emnet og i samsvar med talet på studiepoeng.
  • Registrere eksperimentelle detaljar i ein laboratoriejournal. Det er påkrevd at labjournalen er ført nøyaktig og at denne dagleg har vore oppdatert på laboratorie. Laboratoriejournalen vert levert til rettleiar for kommentarar og endeleg godkjenning. Studentane kan få tilgang til kopiar av journalen.
  • Presentere arbeidet munnleg
  • Deltaking på postersymposiet.

Gjennomførte aktivitetar er berre gyldige i inneværande semester.

All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan få vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Ein poster som oppsummerer resultata frå forskingsprosjektet og som vil verte presentert på postersymposiet.

Sjå meir informasjon om postersesjonen og sjekk ut tidlegare posterar her.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emna og studieprogrammet.