Hovuddisiplin komposisjon 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å:

  • Gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnarisk uttrykk.
  • Utvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk.
  • Øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar gjennom kreativt og analytisk arbeid.
  • Å gje ei systematisk oppfølging av studenten si musikkskaping som støtte til å formulere eit eige personleg uttrykk.

Innhald:

Studiet tar opp tema som:

  • Komposisjon som kreativ prosess.
  • Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon.
  • Verkanalysar og repertoarforståing.
  • Estetiske problemstillingar.
  • Arbeid med musikkteknologi.
  • Rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.

Emnet byggjer vidare på Komposisjon 1 MUG144 og dei musikkorienterande faga, vil femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen, og er eit innføringsemne med stor vekt på eiga musikkskaping i eit moderne kunstmusikalsk uttrykk som også omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

  • har ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar.
  • kjenner til og veit å nytte grunnleggjande arbeids- og førebuingsteknikkar.

Ferdigheiter

Studenten ..

  • beherskar grunnleggjande satsteknikkar, notasjonsformer og instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag.
  • kan nytta datamaskin og ulik programvare i komposisjonsarbeidet.

Generell kompetanse

Studenten ..

  • har skaffa seg erfaring med konsert- og formidlingspraksis.

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningssted

Bergen.

Krav til forkunnskaper

Før eksamen i MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 skal disse emnene være greidd:

  • MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1.
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk.
  • MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
  • MUG107 Musikkteori I.
  • MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUG135 Hovuddisiplin komposisjon 2

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Studenten arbeider med definerte oppgåver og eigne verk:

  • Sjølvstendig.
  • Gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg.
  • Gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.
  • I prosjekt.

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.

Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått:

  • I rettleiing og/eller i seminarform.
  • Gjennom sjølvstendig lytting og/eller partiturlesing.

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. I samråd med faglærar leggjast det opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum tre komposisjonar som dannar grunnlag for mappevurdering.
  • Fellestimar og seminar som beskrive i eige semesterplan.
  • Oppgåver og fellespensum som beskrive i eigen semesterplan.
  • Individualpensum godkjent av faglærar.
  • Prosjektveker i regi av studieprogrammet som beskrive i eigen semesterplan.
  • Gjennomføre minimum 2 komposisjonsprosjekt pr. studieår.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Mappervurdering som inneheld følgande delar:

  1. Innlevering, vekting 70%
    • 3 komposisjonar, for ulike større eller mindre besetningar, med ei minimum samla speletid på 15 minutt, skrive under studiet under rettleiing. Det vil også vere mogleg å inkludere arbeid frå MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1. Partitur (eller anna verkdokumentasjon for verk i andre medium) skal normalt følgjast av lydfestingar. Minimum eit av dei innleverte verka skal ordinært framførast på konsert i forbindelse med eksamen, med sensorane til stades. Verk som vert urframført ved eksamen, er unntatt lydfestingskravet.
    • Ein tekst på minimum 800 ord pr verk med refleksjon over dei tre innleverte verka/arbeida som inneheld ei analytisk tilnærming og kjeldeliste.
    • Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar som omfattar ulike sentrale eldre og nyare homofone og polyfone teknikkar, samt instrumentasjonsløysingar.
  1. Konsertframføring av minimum ein av dei innleverte komposisjonane. Vekting 20%
  2. Samtale mellom kandidaten og kommisjonen etter konserten. I samtalen vert pensumrelatert prosess, komposisjonsteknikkar og det kunstnariske arbeidet diskutert. Samtalen er ein del av mappevurderinga. Vekting 10%.

Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane.

Karakterskala

Bokstavkarakter A til F

Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.