Innføring i psykologiens metode, vitskapsteori og historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Emnekode
- PSYK131
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapeleg forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar. Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget. Studenten vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin.
Innhald:
Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om psykologiske omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk, inklusive reliabilitet og validitet. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.
Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som vitskapleg disiplin samt vitskapsfilosofiske problemstillingar knytt til psykologien. Dette inkluderer presentasjonen av demarkasjonsproblemet samt ei innføring i kjenneteikn, fordeler og ulemper ved ulike metodar som nyttas i psykologisk forsking som kasusstudiar, testar og eksperimenter.
Studentane får også ei kort historisk innføring i filosofiske skildringar av sjelas/psykens natur og funksjonar. Hovudfokus er ein oversikt over sentrale kjenneteikn ved ulike psykologiske retningar etter etableringa av psykologi som vitskap på 1800-talet. Det blir gitt ein oversikt over funksjonalismen, behaviourismen, psykoanalysen, gestaltpsykologien, den kognitive revolusjonen, humanismen og relativismen og korleis desse retningane skil seg frå kvarandre og heng saman. Vidare blir det gitt ei innføring i framveksten til psykiatrien, skiljet mellom akademisk og anvend psykologi, og ein kort gjennomgang av den historiske utvikinga av metodetilfanget i psykologien.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten ..
- skal ha kunne gjere greie for kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måling, reliabilitet og validitet
- skal kunne gjere greie for ikkje-eksperimentelle metodar som observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetode (inklusiv forholdet mellom utval og populasjon, feltmetodikk og intervju) og kva som kjenneteknar den eksperimentelle metode, herundar korrelasjonsomgrepet og årsaksomgrepet.
- skal kunne gjere greie for grunnleggande trekk ved den vitskaplege metoden (litteratur, demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme, essensialisme, generaliseringsproblemet, og grenseoppgangen til pseudovitenskap)
- gjere greie for filosofiske forløparar for den vitskapelege psykologien, psykologifaget sitt opphav og etablering som sjølvstendig vitskapeleg fag
- gjere greie for utviklinga av og samanhengen mellom: Wundt og eksperimentalpsykologien, funksjonalisme, psykoanalysen, behaviorismen, gestaltskulen, psykiatriens framvekst, akademisk og anvend psykologi, humanistisk psykologi og relativisme og den kognitive revolusjonen i psykologien
Ferdigheiter:
Studenten ..
- kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
- kan gje ein oversikt over etiske dilemma ved forsking.
- kan diskutere rollen til sannsynlegheit i psykologisk forsking.
- kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar og deira kjennetek
- diskutera kva som skil vitskapeleg psykologi frå før-vitskapeleg psykologi
- diskutera sentrale kjenneteikn ved dei ulike psykologiske retningane, samt å beskrive likskap og skilnader mellom desse med omsyn til innhald, metodebruk og menneskesyn
- diskutera skiljet mellom og vekselverknadene mellom akademisk og anvendt psykologi
Generell kompetanse
Studenten ..
- kan selvstendig og utan hjelpemidlar gjere greie for sentrale tema, problemstillingar, kunnskap og metoder innan vitskapsteori, forskningsmetode og psykologiens historie
- kan kritisk evaluere kvaliteten til forskningsprosjekt og påstander om samanhengar og kausalitet.
- har ein grunnleggjande forståing for kva som kjenneteiknar vitskapeleg psykologi.
- har ein oversikt over korleis psykologien har utvikla seg historisk.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Psyk113 + Psyk118 = 5 studiepoeng i reduksjon
Psyk111 + Psyk118 = 5 studiepoeng i reduksjon
EXFAC03P + Psyk118 = 7 studiepoeng i reduksjon
PSYK102 + Psyk118 = 3 studiepoeng i reduksjon