Filosofi og retorikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Tilhøvet mellom filosofi og retorikk har vore konfliktfylt heilt sidan Platon lot Sokrates gå til åtak på dei såkalla sofistane. Striden mellom filosofi og retorikk heldt fram på ulike måtar gjennom mellomalderen, renessansen og opplysningstida, og er framleis aktuell i vår eige tid. Samstundes er ikkje filosofi og retorikk naudsynleg motsetjingar; i den vestlege intellektuelle tradisjonen har dei ofte spelt på lag, til dømes i undervisninga ved skuler og universiteter. Ein kan òg - med eller utan strid - snakke om filosofiens retorikk og retorikkens filosofi.

RET202 skal gi studentane høve til fordjuping i filosofi og retorikk og tilhøvet mellom dei i eit historisk og teoretisk perspektiv. Dei skal gjere seg kjent med grunnleggjande omgrep og lesa viktige tekstar i både dei filosofiske og dei retoriske tradisjonane. I skriving av semesteroppgåva vert det lagt vekt på korleis ein utformar ein akademisk tekst på ein overtydande måte, og på korleis ein gjev gode tilbakemeldingar på tekstar andre har skrive.

Innhaldet i emnet kan veksle noko frå semester til semester. I tillegg til å leggja opp eit fellespensum i tilknytning til eit overordna tema skal studentane leggja opp eit særpensum med særskilt relevans for semesteroppgåva.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversikt over nokre sentrale tema i forskingsfeltet filosofi og retorikk
  • utdjupande kunnskap om visse problemstillingar innan forskingsområdet

Dugleik

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • drøfta og gjera greie for filosofiske problemstillingar ved retorisk teori og praksis for eit fagleg og eit allment publikum
  • drøfta og gjera greie for retoriske aspekt ved filosofiske tekstar og tema for eit fagleg og eit allment publikum
  • arbeida sjølvstendig med problemstillingar i skjæringsfeltet mellom filosofi og retorikk

Kompetanse

I kombinasjon med andre emne og fag kan det gje kompetanse til undervisning i filosofi i ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Emnet vil vera godt eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet har normalt undervisning i vårsemesteret, men tilbodet er avhengig av at instituttet har tilgjengelege ressursar. Eventuelle undervisningsfrie semester vert annonserte i emneplanen innan 1. desember.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper

Greidd ex.phil. og ex.fac.

Emnet er eit fordjupingsemne som føreset allmenn bakgrunnskunnskap og studierøynsle. Det er ein klår føremon at studentane vil ha avlagd eksamen i dei obligatoriske emna på 100-nivå i retorikk og/eller filosofi. Studentar med annan fagbakgrunn er velkomne, men må rekna med ekstra innsats. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. Kjennskap til fleire språk er ein føremon.

Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar fullt med RET252 (15 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av seminar som føreset aktiv deltaking frå studentane (framlegging av fagstoff, oppgåveutkast og kommentering av slike).

Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Studentane vil i staden få tilbod om individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finn stad.

  • Framlegging av oppgåveutkast på eitt av seminara til kommentering av medstudentar.
  • Kommentering av ein medstudent sitt utkast på eitt av seminara.
Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Tema for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få vurdering i emnet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum. I tillegg vel studenten eit særpensum i samråd med faglærar.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert kvart undervisningssemester. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarlig
Programstyret for retorikk.
Emneansvarlig
Programstyret for retorikk.
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.