Forskingsdesign og kvalitative metodar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SAMPOL307
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
SAMPOL307 er eit emne i forskingsdesign. I tillegg til å studere eit breitt utval kjerneemnar innan forskingsdesign, vil studentane bli gjeve opplæring i logikk og bruken av datainnsamling og -analyse av kvalitative samfunnsdata.
Kurset fokuserer på logikken som ligg bak forskingsdesignet, og nytteverdien og relevansen av fleire forskjellige metodar innan kvalitativ datainnsamling og analysar av denne i samfunnsvitskaplege studiar.
Spesifikke emnar inkluderer: konseptualisering, kausalitet, casestudiar og samanlikning av par, komparativ metode, prosessporing, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, komparativ historisk analyse, feltarbeid og intervjuar.
For å bli kjent med korleis dei forskjellige metodane og forskingsdesigna blir brukt i praksis i publiserte artiklar, vil studentane lese eit utval forskingsartiklar og skrive fleire tekster som: (1) diskuterer korleis spesifikke metodar blir brukt og (2) evaluerer resultata av metodevala.
Emnet er delt inn i følgjande deler:
Konseptualisering, kausalitet, casestudiar, parvis samanlikning og einingsutval, komparativ metode, prosessporing, kvalitativ forskningsdesign, multimetodeanalyse, feltarbeid og intervju.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Utvise kjennskap til eit breitt utval nøkkelelement ved forskjellige typar forskingsdesign
- Gjennomføre i praksis kunnskap om metodar og best muleg metodeval for å effektivt kunne samle inn og analysere kvalitative data
- Utvise og artikulere kjennskap til eksisterande akademisk litteratur og bruken av nøkkelelement i kurset.
Ferdigheiter
- Demonstrere at dei kan fullføre skrivne tekster som framvisar evner til å analysere og kritisk evaluere bruken av forskingsdesign i eksisterande akademisk litteratur
- Designe eit sjølvstendig statsvitskapleg forskingsdesign
- Forstå relevansen til eit breitt utval forskingsdesignverktøy og -metodar og framvise at dei kan bruke dei i praksis.
Generell kompetanse
- Vise at dei kan designe eit samfunnsvitskapleg forskingsopplegg
- Utvise analytiske og kritiske evner i gjennomført vitskap
- Artikulere kjennskap til nøkkelkonsept i den vitskaplege litteraturen om vitskapleg design og kvalitative metodar innan samfunnsforsking.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering med samla vurdering basert på følgjande:
Eit essay ( maksimalt 2 000 ord), vekta 40 %
Åtte timars skriftleg heimeeksamen, vekta 60 %
Det blir gjort ei samla vurdering av innhaldet i mappa og det blir gitt éin karakter.
Eit essay, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitenskapelige fakultet").
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys i undervisningssemesteret.
Kontinuasjonseksamen
Essay
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta til UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til
8 timers skriftlig hjemmeeksamen
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb.