Velferd og ulikhet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SOS133 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: velferd, ulikhet og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Emnet vil gi ei innføring i nokre sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv på velferd og ulikskap. Klassiske bidrag vil bli brukt som utgangspunkt for ei diskusjon av verdigrunnlaget for velferdsstaten og den særeigne, norske modellen. Vidare vil emnet ta opp problemstillingar knytt til korleis prosessar som individualisering, globalisering og migrasjon gir nye utfordringar for dagens velferdsstatar.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne

  • Gjere greie for teoritradisjoner, problemstillinger og faglige debatter om rammer og grunnlag for velferdsstaten sin framvekst og virkemåte, nasjonalt.
  • Gjere greie for korleis "den norske velferdsmodellen" er vaksen fram og kva slags føringar som har hatt relevans for utforminga av modellen.
  • Gjere greie for og drøfte korleis prosesser som industrialisering, globalisering og internasjonal migrasjon endrar organisering av velferdsproduksjonen.
  • Gjere greie for og drøfte sentrale grunnlagsproblem som er knytt til forståing av sosial ulikskap, fattigdom og velferd, marginalisering og avhengigheit.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi
Studiepoengsreduksjon
SOS113 (10 studiepoeng) og SOS113-L (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
10 førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord +/- 10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Oppgåva må vere godkjend før studenten kan framstille seg for eksamen i emne.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.