Migrasjon og ulikhet i mangfoldige samfunn
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- SOS137
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
SOS137 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda innan Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Sosiale bevegelser, miljø, migrasjon. Målsetjinga med fordjupingsemne er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innafor det valde emnet. Emnet vil gje innsikt i ulike sosiologiske perspektiv på migrasjonsprosessar og det mangfaldige samfunn. I løpet av kurset få studentane innsikt i årsaker til og konsekvensar av migrasjon, sentrale migrasjonskategoriar og forståing for korleis integreringsprosessar utfoldar seg både i individuelle liv og på samfunnsplan. Vi vil også sjå på tema som diskriminering og utanforskap og introdusere ulike perspektiv på kvifor og kordan aukande mangfald kan gje opphav til nye konfliktar, utfordringar og løysingar. Teoriar om ulikskap, utanforskap og premissane for deltaking vil kaste lys over nokon av endringane og utfordringane knytt til aukande mangfald i samfunnet. Emnet gjer ein bred innføring i ulike sosiologiske teoriar og omgrep for å forstå desse endringane og saman med innsikt i nyare sosiologisk forsking på området gjer emnet eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Vidare er målsetjinga med SOS137 å skape forståing for ulike perspektiv på migrasjon og det mangfaldige samfunn. Emnet gir ein introduksjon til studiet av migrasjonsprosessar, migrasjonsrelatert ulikskap og utanforskap, samt ulike perspektiv på migrantars deltaking i samfunnet. Kurset gir innsikt i årsaker til og konsekvensar av migrasjon, oversikt over sentrale migrasjonskategoriar og forståing for kordan integreringsprosessar utfoldar seg på både i individuelle liv og på samfunnsplan. Emnet vil gje ein introduksjon på forskinga på rasisme og diskriminering, og nye perspektiv på kvifor og kordan aukande mangfald gjer opphav til nye konfliktar og utfordringar. Det empiriske fokuset vil veksle mellom globale forhold, situasjonen i Europa og røynda i Norge. Teoriar om utanforskap, rasisme og hindringar for deltaking i samfunnet vil bidra til å kaste lys over sprengkrafta aukande mangfald har i dagens samfunn. Emnet gir innføring i ulike sosiologiske teoriar og omgrep for å forstå desse endringane, og nyare sosiologisk forsking på området.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har...
- oversikt over teoriar om motivasjonane for migrasjon, og kordan ulike typar migrasjon er kategorisert og regulert.
- innsikt i sentrale teoriar og omgrep i forskinga på migrasjon, integrasjon og migrasjonsrelatert ulikskap.
- innsikt i sentrale omgrep i forskinga på diskriminering og etniske skiljelinjer samt innsikt i empirisk forsking kring diskriminering og utanforskap.
- innsikt i nokon av strategiane personar og grupper som er utsett for rasisme og diskriminering nytter seg av.
Ferdigheter
Studenten kan...
- anvende teori og forskingslitteratur på området migrasjon og ulikhet i mangfoldige samfunn til å diskutere konkrete problemstillingar skriftleg
- sette seg inn i forskingslitteratur om aktuelle forskingstema på området
Generell kompetanse
Studenten kan...
- sette seg inn i forskingslitteratur, teori og perspektiv på forskingsfeltet migrasjon og mangfold
- anvende sosiologiske perspektiv og omgrep knytta til migrasjon og mangfold til å drøfte aktuelle problemstillingar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
8-10 førelesingar
8-10 seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
6 timars skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb