Forskingsmetode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emne skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I første delen av emne er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektere kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emne skal studentane fordjupe seg i ulike metodetilnærmingar (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til desse metodetilnærmingane, slik at dei blir i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av eit forskingsmateriale. Som ein integrert del av emne skal studentane utarbeide ein prosjektskisse som skal danne utgangspunkt for masteroppgåva.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten..

  • har kunnskap om ulike vitskapeleg paradigme og forklaringsmåtar og kan bruke desse til å reflektere kritisk over spesialpedagogisk verksemd
  • har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitative og kvantitative metodar, samt triangulering av desse (mixed methods)
  • har kunnskap om formelle forskingsetiske prosedyrar og kan bruke desse på ein formålstenleg måte i møte med ulike forskingsetiske problemstillingar
  • har kunnskap om den vitskapsteoretiske forankringa til metoderetninga vedkommande vel å fordjupa seg i
  • har innsikt i forsking og teoriar innan det tematiske området studenten vil fordjupa seg i gjennom masterprosjektet 

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan drøfte forskingsetiske problemstillingar i pedagogisk og spesialpedagogisk forsking
  • kan reflektere over og diskutere ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar
  • kan reflektere over og diskutere ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar
  • kan demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse
  • kan utvikle aktuelle forskingsspørsmål med utgangspunkt i kunnskap om det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan utvikle og skrive ei prosjektskisse som legg grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan analysere og stilla seg kritisk til ulike forskingsresultat
  • kan vurdere forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehage, skule og opplæringssektoren

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, annakvart år

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
PED312 + SPED312 = 15 studiepoeng i reduksjon (det vil sei at dei er ekvivalente)
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer

Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.

Emne vil innehalde om lag:

  • 12x3 timar forelesning/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne framstille seg til vurdering i emnet må følgjande vere godkjent:

1. Deltaking i undervisning

  • Generelle metodeførelesningar/seminar: oppmøte på minst 2/3 av desse.
  • Fordjupningsførelesningar/seminar: oppmøte på minst 2/3 av desse.
  • Prosjektskissesamlingar: 100 % oppmøte

Oppmøte vert registrert.

2. Prosjektskisse

  • Utarbeide prosjektskisse til masteroppgåva
  • Aktiv deltaking på prosjektskissesamlingar og i rettleiingsgrupper knytte til utviklinga av prosjektskissa

Studentane får utlevert ved semesterstart eit eige skriv med nærare informasjon om prosjektskissa

Vurderingsformer

I emne nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen

Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om munnleg eksamen ved semesterstart.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Litteraturlista er på om lag 1500 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet