Moderne litteratur, historie og kultur i Spania
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Emnekode
- SPLA206
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir studentane innsyn i nokre sentrale tema i spansk historie, litteratur og kultur med hovudvekt på det 20. hundreåret.
Emnet skal også leggja til rette for at studentane tileignar seg djupare innsikt i eit utvalt tema innan fagfeltet. Døme på slike utvalde tema kan vera diktatur, overgangen til demokrati, jordbruks-produksjon, la movida madrileña, fotball, og regionalisme.
Tema vil verta belyst ut ifrå ein litterær eller ein historisk ståstad, eller frå ein kombinasjon av desse.
Fordjupingstema og innfallsvinkel vil skifta frå semester til semester og vil vera knytt til den pågåande forskinga ved instituttet og undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, ved semesterstart.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i nokre sentrale tema og problemstillingar innan moderne spansk historie, litteratur og kultur.
- har større kunnskap om eit tematisk avgrensa emne innan moderne spansk historie, litteratur og kultur.
- har større innsyn i kontekstuelle samanhengar, litterært, historisk og kulturelt.
Ferdigheiter
Studenten
- kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk
- har utvikla evne til å bruka relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar som gjeld historie, litteratur og kultur
- har vidareutvikla den språklege kompetansen, særleg med omsyn til å gjera greie for litterære, historiske, kulturelle og fagleg meir komplekse spørsmål.
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
- har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk. Normalt vil det vera to seminar for veka.
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane. Undervisninga går saman med undervisninga i SPLA256.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.
Studentane skal gjennomføra to munnlege oppgåver i løpet av semesteret. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Vurderingsforma for arbeida er godkjent/ikkje godkjent.
Studentane skal i tillegg levera eit utkast og møta til ei obligatorisk rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva. Utkastet og semesteroppgåva skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid.
I samsvar medForskrift om studium ved UiB har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Alle oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ei rettleidd semesteroppgåve på 2000-2500 ord skriven på spansk. Studentane kan velja tema for oppgåva frå ei liste utarbeidd av emneansvarleg. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.
Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum tilsvarar om lag 450 sider og kan vera sett saman av fagtekstar og skjønnlitterære tekstar så vel som tekstar i utvida forstand, t.d. audiovisuelle kjelder. Pensumlitteraturen er i all hovudsak på spansk.
Litteraturlista vil vere klar til bruk innan 1. desember for vårsemesteret.