Fordjuping i latinamerikansk historie og kulturkunnskap (nett)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SPLA649
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
SPLA649 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap/historie. Emnet skal leggja til rette for at studentane tileignar seg djupare innsikt i eit utvalt tema innan fagfeltet.
Tema kan variera frå semester til semester, men vil alltid vera henta frå fagområdet latinamerikansk kulturkunnskap/historie. Emnet kan i eitt gitt semester tilby fordjuping i t.d. ein periode, eit land, eller eit tema.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har utdjupande kunnskap om eit emne innan latinamerikansk kulturkunnskap/historie.
- har forståing for korleis det aktuelle emnet pregar den latinamerikanske røynda.
- kan gjera greie for korleis det aktuelle emnet heng saman med sentrale trekk i latinamerikansk historie og kulturkunnskap
Ferdigheiter:
Studenten
- kan bruke relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar innan latinamerikansk historie og kulturkunnskap.
- har utvikla den språklege kompetansen sin, særlig med omsyn til å tolka ulike spanske tekstar innan feltet latinamerikansk historie og kulturkunnskap.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
- har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.
Studentane skal gjennomføra to obligatoriske oppgåver gjennom semesteret. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Vurderingsforma for arbeida er godkjent/ikkje godkjent. I samsvar med Forskrift om studium for UiB har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum (om lag 550 sider) kan innehalda vitskaplege artiklar/essays, oversynsverk, og utvalde historiske kjeldetekstar knytte til desse.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.