Fordjuping i latinamerikansk historie og kulturkunnskap med bacheloroppgåve (nett)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

SPLA659 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap/historie. Emnet skal leggja til rette for at studentane tileignar seg djupare innsikt i eit utvalt tema innan fagfeltet.

Tema kan variera frå semester til semester, men vil alltid vera henta frå fagområdet latinamerikansk kulturkunnskap/historie. Emnet kan i eitt gitt semester tilby fordjuping i t.d. ein periode, eit land, eller eit tema.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har utdjupande kunnskap om eit emne innan latinamerikansk kulturkunnskap/historie.
  • har forståing for korleis det aktuelle emnet pregar den latinamerikanske røynda.
  • kan gjere greie for korleis det aktuelle emnet heng saman med sentrale trekk i latinamerikansk historie og kulturkunnskap

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruka relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar innan latinamerikansk historie og kulturkunnskap.
  • har utvikla den språklege kompetansen sin, særlig med omsyn til å tolka ulike spanske tekstar innan feltet latinamerikansk historie og kulturkunnskap.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
  • har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Nett

Krav til forkunnskaper

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på fagkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Anbefalte forkunnskaper

SPLA659 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA109/629 og SPLA119/639.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for SPLA659 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA203, SPLA209, SPLA253, SPLA259, SPLA649 eller med SLAN642.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som førelesingar/seminar og går normalt over åtte veker med fire undervisningstimar i veka. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker. Undervisninga fell saman med undervisninga for SPLA259. Det vert normalt gitt undervisning fire timar i veka i åtte veker. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan und ervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.

Den rettleidde oppgåva som vert omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det vert sett opp to digitale rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Ei rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 3500 ord (utan bibliografi), skriven på spansk.

Etter at den rettleidde oppgåva er vurdert, blir det halde ein digital munnleg prøve. Dette er ein samtale rundt både problemstillingar i bacheloroppgåva og andre emne frå pensum, og kan endra den endelege karakteren med éin bokstavkarakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Ved eksamen i følgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde bacheloroppgåva utan vidare rettleiing.

Vurderingsforma rettleidd bacheloroppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Ein kan maksimalt velja eitt av oppgåveemna med SPLA250/650-kode i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum (om lag 550 sider) kan innehalda vitskaplege artiklar/essays, oversynsverk, og utvalde historiske kjeldetekstar knytte til desse.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane har alle hjelpemiddel tilgjengelege då eksamensoppgåva vert skriven heime, men ein minner om at den innleverte oppgåva skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid. Ein viser elles til UiB sine retningslinjer i høve akademisk reielegheit, fusk og plagiat, inkludert kunstig intelligens.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.