Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk (master)
Det erfaringsbaserte studiet i engelsk har som mål å utvide og oppdatere den faglege og fagdidaktiske kunnskapen din. Undervisninga er forskingsbasert, og studiet legg opp til fagleg fordjuping i tett samspel med erfaringskunnskapen du har tileigna deg frå arbeidet som engelsklærar.
- Varigheit
- 4 år
- Studieplassar
- 10
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
Med denne utdanninga kan du
- tileigne deg fagdidaktisk kompetanse som gir innsikt i engelskfaglege problemstillingar relevante for arbeid som engelsklærar
- utforske og evaluere eigen undervisningspraksis og vurdere og rettleie elevar i deira læringsprosessar på grunnlag av teori
Fordjupingsfaget engelsk er kjenneteikna av breidde i aktuelle forskingsemne og du kan arbeide med problemstillingar og metode på ulikt vis.
I kurset Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling får du tildelt ein rettleiar som har kompetanse på temaet du vel å skrive om. Du vil få hjelp til å formulere ei interessant og relevant prosjektskisse for eit masterprosjekt innan engelskdidaktikk.
De siste tre semestra vil du bruke til å gjennomføre forskinga som var skissert i masterprosjektet og til å skrive masteroppgåva, med rettleiing. Rettleiinga er ofte ein kombinasjon av møte på campus og nettbasert rettleiing.
Studiekvardag
Dette er eit samlingsbasert deltidsstudium. Studiet baserer seg på forelesingar, seminar, sjølvstudium og skriving av masteroppgåve. Du tar eit emne på 15 studiepoeng kvart semester. All undervisninga er obligatorisk.
- Semester 1-4: Tre samlingar i semesteret. Kvar samling går over to dagar.
- Semester 5: To samlingar
- Semester 6: Minst eitt halvdagsseminar
Undervisninga og litteraturen er hovudsakleg på engelsk.
Kva kan du jobbe som?
Med denne utdanninga får du lektorkompetanse med fagleg fordjuping i engelsk og ei fagdidaktisk masteroppgåve i engelskfaget.
Samfunnet treng gode og kvalifiserte lærarar. Engelsklærarar som har tatt denne utdanninga er særleg attraktive i skoleverket, sidan både faget, skolefaget og fagdidaktikk har ein sentral plass i studiet.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master på UiB
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen
Søkjarane må ha allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i engelsk, eventuelt ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i engelsk, samt praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande. Sidan studiet er eit vidareutdanningstilbod, er krav til opptak minst 2 års relevant undervisningserfaring frå skulen.
Studiet må ha minst 5 studentar for å bli sett i gang.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studiets oppbygging
Dette masterstudiet startar i august og er eit fireårig deltidsstudium.
Foreslått rekkefølge for kurs og masteroppgåve:
1. semester
ENGMAU642 - Engelskspråkleg litteratur (15 studiepoeng)
2. semester
ENGMAU641 - Engelsk språk (15 studiepoeng)
3. semester
ENGMAU643 - Engelsk fagdidaktikk (15 studiepoeng)
4. semester
METMAU660.- Vitskapleg metode og delinga av erfaring (15 studiepoeng)
5. semester
Fellesemne ENGMAU644 - Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling (15 studiepoeng)
6. - 8. semester
ENGMAU655 - Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i engelsk (45 studiepoeng)
Utveksling
Utveksling er ikkje mogleg på dette studieprogrammet.
Vidare studiemoglegheiter
Etter studiet kan du søke deg vidare til eit ph.d.-program.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk