Studieplan for BAMN-PHYS Bachelorprogram i fysikk, vår 2026

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i fysikk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Oppstart haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i fysikk er 3-årig (180 studiepoeng).

Fysikk er eit grunnleggjande fag som beskriver heile naturen, frå dei fjernaste galaksane til det indre av atomkjernen. Fysikken er og fundamentet for andre naturvitskapar og for all moderne teknologi.

Bachelorprogrammet i fysikk skal formidle forståing for teoretiske grunnlaget for fysikken, eksperimentelle metodar, og naturvitskapelige og teknologiske bruksområde. Det blir lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysning.

Studiet gjer ein innføring i alle delar av fysikken: Mekanikk, elektromagnetisme, statistisk fysikk og termodynamikk, kvantemekanikk, relativitetsteori, og naturens fundamentale byggesteiner og vekselverknadene mellom dei. Det vert og gitt ein innføring i eksperimentalfysikk, og i prosjektarbeid med rapportskriving og presentasjon. Matematikk og informatikk er viktige støttefag for fysikarar og emne innan desse fagområda inngår og i studieprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • skal kunne gjere greie for fysikkfaget sin eigenart og utvikling
  • skal kunne gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan generell fysikk
  • skal kunne forklare dei sentrale omgrep innan fysikken, og greie ut om samanhengar mellom disse
  • skal kunne forklare matematiske omgrep innan blant anna analyse, lineær algebra og enkle differensialligningar
  • skal kunne beskrive matematiske modellar i fysikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • skal kunne anvende matematisk formalisme innan for eksempel analyse, komplekse tall, lineær algebra og enkle differensiallikningar på fysiske problem
  • skal kunne bruke grunnleggjande eksperimentell apparatur for målingar av fysiske størrelsar og gjere usikkerhetsoverslag
  • skal kunne gjennomføre grunnleggjande PC-basert datainnsamling
  • skal kunne bruke numeriske programmeringsverktøy for løysing av fysiske problemstillingar
  • skal kunne analysere fysiske problemstillingar og utføre fysiske berekningar ved bruk av den kunnskapen studenten har tileigna seg innan klassisk mekanikk og relativitetsteori, elektromagnetisme, kvantemekanikk, statistisk fysikk, termodynamikk og kjerne- og partikkelfysikk
  • skal kunne oppsøke og anvende kunnskapar i fysikk ut over det lærestoff som inngår i studiet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • skal kunne gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema
  • skal kunne arbeide sjølvstendig og kunne delta i team
  • skal kunne utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapelig praksis
  • skal kunne bruke bibliotek og vitskapelige databaser til å hente inn relevant informasjon
  • skal kunne kommunisere om faglege problemstillingar innan fysikk, både med andre studentar og til allmennheita
  • skal kunne demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REAL2).

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna:

Høst 1. semester

Vår 2. semester

Høst 3. semester

Vår 4. semester

Høst 5. semester

Vår 6. semester

  • PHYS299, valgfritt emne, valgfritt emne

* du velger to av emnene PHYS116/PHYS118/PHYS119

Ta kontakt med studieveileder studie.fysikk.no om du har behov for tilrettelagt studieplan

Delstudium i utlandet

I dette bachelorprogrammet er det mulig å legge inn eit utanlandsopphald eller eit semester ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Eit eventuelt utanlandsopphald passar best i 6. semester. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i fysikk vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passer best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med solide basiskunnskapar i matematikk og fysikk er ei mangelvare på arbeidsmarknaden, mellom anna i industrien, forsking, skuleverket og forvalting. Institutt for fysikk og teknologi har ei sterk forankring i nysgjerrigdriven grunnforsking, som er heilt sentral for vår forståing av naturen, og som dessutan dannar grunnlaget for ny teknologi og med det utgjer ein viktig del av verdiskapinga i samfunnet.

Med ein bachelorgrad i fysikk har du og eit godt grunnlag for å gå vidare med masterstudium i fysikk eller tilgrensande fag. Dersom du avsluttar studiane etter fullført bachelorgrad, er det breidda i realfagsbakgrunnen som er ditt største konkurransefortrinn.

For meir informasjon om yrket som fysikar, sjå:
utdanning.no/yrker/beskrivelse/fysiker

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.fysikk@uib.no