Havbruk (integrert masterprogram, sivilingeniør)

Dette studiet gir deg brei kompetanse innan sentrale tema i havbruk, der du kan fordjupe deg i fiskens biologi i samspill med teknologi og miljø. Du lærer å forstå havbruk og å vidareutvikle havbruk i framtida i samanheng med teknologi og samfunnsbehov.

Kva lærer du?

Studiet gir gode moglegheitar for spanende jobbar i havbruksnæringa. Studiet legg vekt på biologi, teknologi, innovasjon, nytenking og entreprenørskap. Sentralt i studieprogrammet står biologien til artene i havbruk, herunder kunnskap om ernæring, reproduksjon, tidlig utvikling, vekst og kjønnsmodning. Videre får du innsikt i avlsarbeid, fiskehelse, havbruksteknologi og produksjon, optimalisering av produksjonsprosessen og kvaliteten på produktet. Du lærer å sjå heile verdikjeda i havbruksnæringa i samanheng.   

På studiet får du:   

  • oversikt over sentrale utfordringar og moglegheiter innan havbruksnæringa 
  • kunnskap for å videreutvikle havbruksnæringa 
  • ferdigheitar for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt 
Studiekvardag

Sivilingeniørstudiet Havbruk ved UiB høyrer til ved Institutt for biovitskap. Her blir du ein del av eit lite kull og eit godt studentmiljø med tett oppfølging og ein aktiv linjeforening med mange arrangement og samlingar. Fagmiljøet er samla på Marineholmen sentralt i Bergen.  

Utdanninga er eit integrert masterprogram. Dette betyr at du går fem år og får ein kombinert mastergrad og sivilingeniørtittel. Det integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

Du kan nytte deg av alle opne lesesalsplassar ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi. På masternivå får du eigen plass på Marineholmen.    

Undervisninga består av:   

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Laboratorium og praktiske øvingar 
  • Sjølvstudium 
  • Feltkurs 
  • Praksis i havbruksnæringa 
  • Masteroppgåve 
Kva kan du jobbe som?

Det har vore stor etterspørsel etter sivilingeniører i havbruk og det har vore lett å få jobb. Havbruksnæringa er i sterk vekst og utvikling og med stort behov for kompetanse og nytenking. 

Med denne utdanninga har du i tillegg til biologi også innslag av teknisk, økonomisk og kommersiell kompetanse. Du vil då være skikka til å drive forretningsutvikling og entreprenørskap samstundes som du har solid innsikt i produkta og metodikk i havbruk. 

Våre studenter har fått jobb som: 

  • Prosjektleiar 
  • Kvalitetskoordinator 
  • Forsknings- og utviklingsansvarleg 
  • Biologisk kontroller 
  • Innovasjonsansvarleg 
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 52.2
Primær kvote: 44.1

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: SIVING

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:

  • Bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
  • Bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • Bestått 2-årig teknisk fagskule (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare)

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Det integrerte masterprogrammet i havbruk er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Studiet har eit progresjonskrav der alle emna dei tre første åra i studieplanen må vere bestått før ein startar på masteroppgåva. 

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester (haust):  

BIF100 - Innføring i fiskehelse og havbruk (10 studiepoeng)  

BIO100 - Innføring i økologi og evolusjon (10 studiepoeng)  

MAT111 - Grunnkurs i matematikk I eller MAT101 - Brukerkurs i matematikk (10 studiepoeng) 

2. semester (vår):  

BIF101 - Organismebiologi for fiskehelse og havbruk (10 studiepoeng)  

INF100 - Grunnkurs i programmering (10 studiepoeng)  

MAT102 - Brukarkurs i matematikk II eller MAT112 - Grunnkurs i matematikk (10 studiepoeng)  

3. semester (haust):  

BIO291 - Fiskebiologi II - fysiologi (10 studiepoeng)  

BIO280 - Fiskebiologi I - systematikk og anatomi (10 studiepoeng)  

PHYS101 - Grunnkurs i mekanikk og varmelære (10 studiepoeng) 

4.semester (vår):  

BIF200 - Havbruksteknologi (10 studiepoeng)  

KJEM109 - Kjemi grunnkurs (10 studiepoeng) 

EXPHIL-MNSEM - Examen philosophicum - seminarmodell (10 studiepoeng) 

5.semester (haust):  

Frie studiepoeng på til sammen 30 studiepoeng som du velger selv eller ta et utvekslingsopphold 

6. semester (vår):  

BIO208 - Miljøpåverknad av oppdrett (10 studiepoeng)  

BIO205 - Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur (10 studiepoeng)  

STAT110 - Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng) 

7. semester (haust):  

BIO300A - Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (5 studiepoeng) 

BIO300B - Biostatistikk (5 studiepoeng)  

BIO213 - Marin økologi (10 studiepoeng)  

INNOV201 - Innovasjon ved designtenking (10 studiepoeng) 

8.semester (vår):  

LAS301 og LAS303 - Forsøksdyrkurs, fisk (10 studiepoeng)  

BIO207 - Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat (10 studiepoeng) 

HAVB399 - Masteroppgåve (oppstart) 

9.semester (haust):   

HAVB399 - Masteroppgåve  

BIO382 - Akvatisk matproduksjon (10 studiepoeng) 

10.semester (vår):  

HAVB399 - Masteroppgåve  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. Det er mogleg å reise på utveksling det femte semesteret, dersom du er tidleg ute med planlegginga. Populære reisestader er Australia, USA, Canada, Spania, Nederland, Danmark og New Zealand. 

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter mastergraden kan du gå vidare akademisk og satse på ein doktorgrad og forsking.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: info.nt@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i havbruk (sivilingeniør)