Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utdanning utenfor EU/EØS-området
Har du tatt odontologisk grunnutdanning utanfor EU/EØS-området? Med dette studieprogrammet får du tilpassa utdanninga di frå utlandet med norsk, integrert master i odontologi. Det er behov for tannlegar, og med denne utdanninga kan du jobbe som tannlege i Norge.
- Varigheit
- 3 semesters
- Studieplassar
- 8
- Studiepoeng
- 90
- Studiestart
- Haust og vår
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På studiet vil du lære korleis odontologi vert praktisert i Noreg, kva forsking som ligg til grunn for denne praksisen, og kva nasjonale tannhelseforebyggande tiltak som blir prioritert. Ved å gjennomføre denne utdanninga vil du bli betre integrert både i det norske fagmiljøet og kulturelt og sosialt i det norske samfunnet.
Gjennom dette studieprogrammet får du brukt og vidareutvikla fagkompetansen din på ein fagleg, pasientsikker måte.
Studiekvardag
Dette programmet gjer eit opplegg tilpassa ditt faglege utgangspunkt og progresjon. Dei avsluttande prøvene blir fastsett etter ei vurdering per fagområde. Du får
- fagleg utbytte med bratt læringskurve
- inngang til norsk arbeidsliv etter riktig fagleg nivå
- lettare integrering i det norske samfunnet med større forståing for norsk tankegang og kultur
Det blir eit tett undervisningsprogram med fulle arbeidsveker. Det du vil bruke mest tid på, er klinisk pasientbehandling. Du får òg 10 heile dagar i praksisteneste ved DOT Vestland i andre semester. Utover dette blir det forelesingar, seminargrupper, laboratorium og praktiske øvingar, i tillegg til sjølvstudium.
Du kan bli med i ei av forskargruppene ved Det medisinske fakultet.
Under studiet er det obligatorisk å nytte klinikkarbeidstøy med korte ermer. Les meir på nettsida til Institutt for klinisk odontologi (IKO).
Kva kan du jobbe som?
Med denne utdanninga får du jobbe som tannlege i Noreg i enten offentleg eller privat sektor. Det er behov for tannlegar, spesielt i distrikta, så det er vanleg å få jobb etter dette studiet.
Når du har fullført og bestått programmet, må du søke om å bli autorisert som tannlege på nytt. Helsedirektoratet har meir informasjon om autorisasjonsordninga.
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Studiet er eit fulltidsstudium på 90 studiepoeng. Programmet har oppstart kvart 1,5 år, vekselvis i januar og august. Ved studiestart i januar vil neste kull starte i august året etter. Undervisninga er på norsk og andre skandinaviske språk, mens litteraturen er på norsk og engelsk. Alle delar av studiet er obligatoriske, med unntak av forelesingane. Alle emne og alle aktivitetar må vere godkjent før ein kan gå opp til avsluttande eksamen.
Studiet går over 1,5 år og består av desse elementa:
- praktisk ferdigheitstrening i kliniske fagdisiplinar
- teoretisk tilpassa seminar i 12 fagområde
- tverrfaglege kurs og seminar som smittevern, førstehjelp, fleirkulturell samhandling, kommunikasjonstrening, klinisk fotografering, OPUS journalsystem
- 10 dagars praksisteneste ved DOT Vestland
- klinisk pasientbehandling - avsluttande teoretiske prøver i 11 fagområde, samt diverse delprøver
- avsluttande kasuseksamen over 1,5 dagar
Slik er studiet lagt opp:
DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)
DIGI101 - Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)
KVALI-PROG - Avsluttande kasuseksamen ved Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/ EØS-området (90 studiepoeng)
Studentane nyttar klinikkarbeidstøy under arbeid, både i Ferdigheitssenteret og i klinikkane.
Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
Sjå meir informasjon om klinikkarbeidstøy her: Arbeidstøy ved Odontologen | UiB
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet.
Vidare studiemoglegheiter
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utd utanfor EU/EØS-området