Natur- og miljøgeografi (master)

Klimaendringar, geofarar og naturkrise er viktige problem som samfunnet må handtere. Du studerer korleis ytre prosessar har forma og former landskapet, samspelet mellom naturlege prosessar og menneskeleg påverknad, og kva det betyr for busetting, arealbruk og miljø med fokus på Norge.

Kva lærer du?

Du lærer å utforme eit forskingsprosjekt, samle inn feltdata og analysere relevante data for å rekonstruere og diskutere moglege årsaker til klima-, miljø-, vegetasjon- og landskapsendringar.

Gjennom studiet vil du tileigne deg relevante ferdigheiter via felt-, laboratorie- og teorikurs. Kva du lærer avheng av tema, men nokre eksempel er:

  • Kartlegging av jordartar og vegetasjon, samt kjerneboring i innsjøar og myrer.
  • Ulike laboratoriemetodar som analyse av sediment.
  • Data-analyser knytt til GIS, LIDAR, drone, fjernmåling, ekkolodd, og hydrologiske måleseriar.

Vi tilbyr masterprosjekt knytt til tema som:

  • Isbrear
  • Naturfarar (flaum, vind, skred, mm.)
  • Havnivåendringar
  • Hydrologi og grunnvatn
  • Frostprosessar
  • Grotter og landskapsutvikling
  • Naturskog og myrer
  • Vegetasjons- og landskapsendringar
  • Biodiversitet
  • Forstyrringar i menneskepåverka miljø
  • Urban økologi
Studiekvardag

Masterstudentar er ein del av arbeidsmiljøet ved Institutt for geografi. Det første året tar du emne (til saman 60 studiepoeng) der du får breiare kunnskap og metodiske ferdigheiter innan natur- og miljøgeografi og utviklar ei prosjektskildring for masterprosjektet. Aktivitetane spenner frå førelesingar og seminar til laboratoriearbeid og feltkurs der du møter tilsette og andre studentar. I det andre året arbeider du sjølvstendig og under rettleiing med masteroppgåva.

I løpet av dei første vekene på masterprogrammet vil du få presentert aktuelle prosjekt i natur- og miljøgeografi. Etter å ha funne eit masterprosjekt, vil du få ein rettleiar som følger deg opp gjennom heile masterprogrammet. Eige feltarbeid er viktig, og du vil bruke 2-4 veker i felt på sommaren mellom andre og tredje semester. Masterprogrammet er lagt opp med 3 milepæler, ein for kvar av dei tre fyste semestera.

Kva kan du jobbe som?

Natur- og miljøgeografar har ein brei arbeidsmarknad i offentleg og privat sektor som følge av spennvidda og den praktiske tilnærminga i faget. Geografar kan jobbe som planleggarar, saksutgreiarar i kommunar og fylkeskommunar, direktorat og i andre statlege etatar som Statens kartverk, Statens vegvesen og NVE. Andre karrierevegar er som konsulentar i næringslivet, innan skoleverket eller høgskule- og universitetssektoren eller som forskarar i ulike forskingsinstitutt. 

Master i natur- og miljøgeografi kvalifiserer for vidare doktorgradsstudie.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Opptakskrav:
Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i geografi med relevans for natur- og miljøgeografi.

Bachelorgraden i geografi ved UiB har følgjande felles emne:
GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125, GEO131 og GEO215.

For å få ein bachelorgrad i geografi som kvalifiserer til master i natur- og miljøgeografi er det i tillegg krav om følgjande emne:
GEO204, GEO212 og GEO291.

En bachelorgrad ved Institutt for geovitenskap med spesialisering i geologi kvalifiserer til opptak på master i natur- og miljøgeografi med følgjande emne:
GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV107, GEOV109, GEOV110, GEOV111 og GEOV114.

En bachelorgrad i geofag og informatikk ved Institutt for geovitenskap kvalifiserer til opptak på master i natur- og miljøgeografi med følgjande emne:
GEOV101, GEOV102, GEOV181, GEOV205/GEO215, GEOV316/GEO316, GEOV281, GEO113 og INF100.

Eksterne norske bachelorgrader som kvalifiserer:

  • NTNU: Geografi og Geologi med studieretning Arktisk geologi
  • HVL: Geologi og geofare og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur
  • UiO: Geologi og geografi
  • Nord Universitet: Geografi

Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geografi eller tilsvarande og ei fordjuping i naturgeografi, miljøgeografi eller geomatikk. Vi vurderer andre faglege bakgrunnar ved søknad.


Søknadsfrister:

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Emna blir underviste på engelsk, innleveringar og eksamen kan leverast på norsk.

Studiets oppbygging

I kursdelen første året tar du eitt felles emne og fem teori- og metodeemne, av dei minst to teoriemne og eitt metodeemne (totalt 60 studiepoeng). Det kan søkast innpass for emne frå andre institutt eller utdanningsinstitusjonar.  Etter at kursdelen er gjennomført i første og andre semester, gjennomfører du feltarbeid til masterprosjektet sitt. Tredje og fjerde semester er øyremerka eventuelt laboratoriearbeid og skriving av masteroppgåva (GEO350) med frist for levering 1. juni i fjerde semester. 

Du skal også ha gjennomført og bestått 3 milepælar før masteroppgåva (GEO350) kan fullførast og leverast.


Første semester:

Obligatorisk:

GEO319 – Theory of Science and Research Design for Physical and Environmental Geographers (10 studiepoeng)

Vel to emne:

GEO313 – Field and Laboratory Methods in Physical Geography (10 studiepoeng) 
GEO318 –  Hydrology, Groundwater and Water-Related Geohazards (10 studiepoeng) 
GEO330 – Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng) 

Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring i desember.


Andre semester:

Vel tre emne:

GEO316 – Practical Skills in Remote Sensing and Spatial Analysis (10 studiepoeng)
GEO317 – Special Topics in Geography (10 studiepoeng) 
GEO341 – Master Level Field Course in Physical Geography (10 studiepoeng) 
Emne på UNIS/Institutt for geovitenskap/Institutt for biovitenskap/andre institusjonar som må førehandsgodkjennast av Institutt for geografi.

Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeid i mai.


Tredje og fjerde semester:

GEO350 – Master´s Thesis in Geography (60 studiepoeng)

Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, funn og metodologi i november.

 

Studieplan for studenter som startet før 2026 
Studieplan for studentar som startar hausten 2026.

Utveksling

I andre semester kan studentar som ønskjer det, ta emne ved UNIS på Svalbard eller ved universitet i mange land gjennom Erasmus+-programmet.

Vi gir råd om studieopphald, og studentar som ønskjer delstudium i utlandet, kan erstatte emne med tilsvarande ved våre samarbeidspartnarar. Delstudium i utlandet må godkjennast før avreise av Institutt for geografi.

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i natur- og miljøgeografi kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 30 73
E-post: studieveileder.geog@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Master's Programme in Physical Geography