Studieplan for MASV-PHYG Master's Programme in Physical Geography, vår 2026
Omfang og studiepoeng
120 studiepoeng.
Namn på grad
Master of Philosophy in Physical and Environmental Geography
Undervisningsspråk
Engelsk og norsk
Mål og innhald
Programmet gir studentane teoretiske-, metodiske- og praktiske ferdigheiter som kvalifiserer for tittelen master i natur- og miljøgeografi, og består av ein kursdel (60 SP) og ei masteroppgåve (60 SP).
Masterprogrammet reflekterer Jorda si store variasjon i klima og miljø, og undervisninga vektlegg relevante teoriar og analytiske metodar som gir ei dynamisk og prosessbasert forståing av ulike miljø- og klimaendringar i fortida, og den pågåande klima- og naturkrisa.
Tema for masterprosjekta kan variere frå reine naturgeografiske og miljøgeografiske problemstillingar, eller vere ein kombinasjon av desse.
Eksempel på tema med eit naturgeografisk perspektiv inkluderer brear, geofarar, havnivåendringar, hydrologi, grunnvatn, periglasiale landformer, vind, grotter og den geomorfologiske utviklinga relatert til tidlegare og noverande klima- og miljøendringar.
Eksempel på tema med eit miljøgeografisk perspektiv inkluderer naturskogar, myrer og deira karbonbudsjett, vegetasjons- og landskapsendringar, biodiversitet, forstyrringar eller nedbryting i menneskepåverka miljø, samt urban økologi.
Målet er å gi studentane kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse til å arbeide med aktuelle vitskaplege problem knytt til natur- og miljøgeografi inkludert kritisk tenking, relevante prøvetakingsteknikkar, feltmetodar, laboratorieprosedyrar, analytiske kvantitative ferdigheiter, tolke temporære geografiske og romlege data (GIS/fjernanalyse), samt å kunne formidle akademisk kunnskap både skriftleg og munnleg.
Læringsutbyte
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- har avansert kunnskap i natur- og miljøgeografi og spesialisert innsikt i forskingstemaet i masterprosjektet.
- har omfattande kunnskap om relevante teoriar og metodar knytt til forskingstemaet i masterprosjektet.
- kan anvende kunnskap på nye område innanfor natur- og miljøgeografi.
- kan analysere akademiske problem basert på tidlegare arbeid, relevante vitskaplege teoriar, og den samfunnsmessige betydninga av natur- og miljøgeografi.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing.
- kan velje ut og definere forskbare tema for ei masteroppgåve og utvikle ei problemstilling som kan bli fullført på tilmålt tid med dei ressursar som er tilgjengelege.
- kan velje ut og evaluere eigna metodar for å samle inn empiriske data samt gi ei epistemologisk grunngjeving for dei metodiske vala.
- kan avgrense, planlegge og utføre innsamling av empiriske data via feltarbeid.
- kan gjere systematiske søk i bibliotek, vitskaplege og andre databasar, samt kritisk tolke og evaluere data og litteratur.
- kan diskutere og kritisk analysere ulike informasjonskjelder, evaluere empiriske data, og presentere geografiske argument og analysar.
- kan skrive ein forskingsrapport individuelt og som del av ei gruppe innan ein gitt tidsfrist og med avgrensa ressursar gjennom å anvende natur- og miljøgeografiske termar og godt akademisk språk med oppdaterte og korrekte kjeldetilvisingar, og der sekundære kjelder blir kreditert i tråd med akademiske og forskingsetiske retningslinjer.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan utføre eit prosjekt i samsvar med forskingsetiske retningslinjer og i tråd med god HMS-praksis for ordentleg oppførsel og sikkerheit ved Universitet i Bergen.
- kan anvende kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område for å fullføre avanserte oppgåver og prosjekt.
- kan formidle omfattande uavhengig arbeid og meistre fagspråk og termar innan natur- og miljøgeografi.
- kan utveksle meiningar med andre som har same faglege bakgrunn og kome med konstruktive kommentarar til arbeidet deira.
- kan formidle akademiske problem, analyser og konklusjonar i natur- og miljøgeografi med både spesialistar og offentlegheit.
Opptakskrav
Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i geografi med relevans for det studieprogrammet du søker opptak på.
Bachelorgraden i geografi ved UiB har følgjande felles emne:
GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125, GEO131 og GEO215.
For å få ein bachelorgrad i geografi som kvalifiserer til master i natur- og miljøgeografi er det i tillegg krav om følgjande emne:
En bachelorgrad ved Institutt for geovitenskap med spesialisering i geologi kvalifiserer til opptak på master i natur- og miljøgeografi med følgjande emne:
GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV107, GEOV109, GEOV110, GEOV111 og GEOV114.
En bachelorgrad i geofag og informatikk ved Institutt for geovitenskap kvalifiserer til opptak på master i natur- og miljøgeografi med følgjande emne:
GEOV101, GEOV102, GEOV181, GEOV205/GEO215, GEOV316/GEO316, GEOV281, GEO113 og INF100.
Eksterne norske bachelorgrader som kvalifiserer:
- NTNU: Geografi og Geologi med studieretning Arktisk geologi
- HVL: Geologi og geofare og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur
- UiO: Geologi og geografi
- Nord Universitet: Geografi
Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geografi eller tilsvarande og ei fordjuping i naturgeografi, miljøgeografi eller geomatikk. Vi vurderer andre faglege bakgrunnar ved søknad.
Generelle opptakskrav:
Snittkarakter på minimum C (2.5) i spesialiseringa i geografi.
· Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, enten på grunnlag av norsk vidaregåande skole eller på annan måte.
Tilrådde forkunnskapar
Applicants with only basic knowledge in physical geography may take the following bachelor-level courses in physical and environmental geography at the Department of Geography, or similar, to qualify for admission to the master's programme in Physical and Environmental Geography:
- GEO204 Quantitative methods (5 ECTS)
- GEO212 Terrestrial Climate and Environmental Changes (15 ECTS)
- GEO291 Field Course in Physical and Environmental Geography (10 ECTS)
Obligatoriske emne
Krav til samansetjing av grad:
- Fellesemne: GEO319
- Minst to teoriemne: GEO317, GEO330, GEO341, GEO318
- Minst eitt metodeemne: GEO313, GEO316
- Masteroppgåve: GEO350
Rekkefølgje for emne i studiet
Første semester:
- GEO319 Vitskapsteori og forskningsdesign for natur- og miljøgeografar (10 studiepoeng)
To av
- GEO313 – Field and Laboratory Methods in Physical Geography (10 studiepoeng)
- GEO318 – Hydrology, Groundwater and Water-Related Geohazards (10 studiepoeng)
- GEO330 – Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng)
Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring.
Tre av:
- GEO316 – Practical Skills in Remote Sensing and Spatial Analysis (10 studiepoeng)
- GEO317 – Special Topics in Geography (10 studiepoeng)
- GEO341 – Master Level Field Course in Physical Geography (10 studiepoeng)
- Emne på UNIS/Institutt for geovitenskap/Institutt for biovitenskap/andre institusjonar som må førehandsgodkjennast av Institutt for geografi.
Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeid
Tredje semester:
- GEO350 (oppstart)
Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, funn og metodologi
Fjerde semester:
- GEO350 (innlevering)
Delstudium i utlandet
Det er mogleg for dei studentane som ønsker å ta ein del av utdanninga ved UNIS på Svalbard eller i eit anna land gjennom utveksling via Erasmus. Delstudium i utlandet må godkjennast av Institutt for geografi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. På masteroppgåva vert det gitt individuell rettleiing.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet brukar i all hovudsak følgjande eksamensformer:
- skriftleg eksamen
- munnleg eksamen
- heimeeksamen i kombinasjon med munnleg eksamen
- mappeinnlevering
- feltrapport
Originalitet i eksamenssvar og studentoppgåver
Alle oppgåver som vert levert for godkjenning/sensur, skal vere studenten sine eigne om ikkje anna er opplyst. Dette gjeld også der oppgåvene ikkje inngår i grunnlaget for karakterfastsetting. Kjelder som nyttast skal bli gitt i samsvar med universitetet sine reglar. Brot vil vurderast som fuskesak.
Karakterskala
Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; enten
- Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
- Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.
Bokstavkarakterar er det vanlegaste.
Grunnlag for vidare studium
Master i natur- og miljøgeografi kvalifiserer for å søke opptak til studium på ph.d.-nivå.
Relevans for arbeidsliv
Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda og den praktiske tilnærminga i faget. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentleg forvaltning og det private næringslivet.
I dei seinare åra har dei fleste kandidatane gått inn i stillingar der dei arbeider som leiarar, planleggarar, forskarar, lærarar, saksutgreiarar og konsulentar innan område som miljø- og energiforvaltning, samferdsel og klimaforsking. Fleire kandidatar arbeider som forskarar og saksutgreiarar ved frittståande forskings- og utgreiingsinstitutt, mens andre har gått til yrker innan skuleverket, oljeverksemd og databransjen.
Evaluering
Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi.