Nordisk språk og litteratur (master)
Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur utdannar dyktige lesarar og skrivarar med gode evne til å forstå samansette kommunikasjonssituasjonar. Programmet omfattar litteratur og språk frå både eldre og yngre tid, og dessutan nordisk fagdidaktikk og norsk som andrespråk.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 7
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust og vår
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På masterprogrammet i nordisk får du djupare kunnskap om sentrale tema innanfor nordisk litteraturvitskap og språkvitskap. Du kan velje å konsentrere deg om berre litteratur eller berre språk, eller du kan kombinere litterære og språklege emne.
Språkdelen av studiet handlar mest om moderne norsk, men òg om dei språka norsk er nærast i slekt med: dansk, svensk, færøysk og islandsk og norrønt. Vi arbeider med grammatikk, dialektar, språkhistorie og tekstsamanheng. Vi utforskar språket si rolle i tenking, samtale og samfunn.
Litteraturdelen av studiet er for deg som vil utvide kunnskapen din om korleis ein kan analysere og tolke litterære verk. På masterstudiet tilbyr vi fordjupingsemne om litterære verk og deira tilknyting til ulike tema. Du lærer også korleis ein kan nytte litteraturteori for å sjå verka i samanheng med samfunnsmessige, psykologiske, historiske og sosiale forhold.
Studiekvardag
Som masterstudent i nordisk blir du del av eit godt læringsmiljø som består av engasjerte forskarar og formidlarar. Gjennom masteroppgåva får du moglegheit til å forske sjølv og fordjupe deg innanfor eitt område.
Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar og seminargrupper, om lag 4 timar kvar veke. I tillegg er det mykje sjølvstudium og skriving på masteroppgåva. Temaet for oppgåva bestemmer du sjølv ut frå dine eigne faglege og personlege interesser. I andre semester siktar du deg inn mot eit prosjekt i diskusjon med faglærarar, og du får tildelt ein fagleg rettleiar.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du dessutan mange ulike studentorganisasjonar.
Kva kan du jobbe som?
Arbeidsgjevarar treng språk- og litteraturkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid. Dei har òg behov for deg som kan sjå samanhengar, strukturelt og historisk.
Studiet er direkte relevant for arbeid i kultursektoren og særleg i forlag, litteraturformidling og andre yrke der språkkompetanse og forståing for samspelet mellom språk og kultur er viktig, som for eksempel:
- kulturformidlar
- festivalprodusent og -sjef
- bokmeldar
- museumsdirektør
- bibliotekar
- forskar
- forlagsredaktør og -sjef
- journalist
Du kan bli lærar i ungdomsskulen og vidaregåande skule om du tek eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
1. semester
To særemne i litteratur eller språk (30 studiepoeng)
2. semester
NOLISP300 - Prosjektførebuande emne (15 studiepoeng)
Særemne i litteratur eller språk (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
NOLISP350 - Masteroppgåve i nordisk (60 studiepoeng)
Utveksling
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Vidare studiemoglegheiter
Med mastergrad kan du vere kvalifisert til å søke opptak til ph.d.-programmet. Du kan òg ta eit år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som kvalifiserer til arbeid i skolen.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.