Profesjonsretta master i realfag med praktisk-pedagogisk utdanning

Dette to-årige masterprogrammet er ei lektorutdanning som passer for deg som liker realfag og som allereie har studert nokre år. Som realfagslektor kan du bidra til at kommande generasjonar også liker realfag og at realfag brukast til å forbetre samfunnet.

Kva lærer du?

Du vil kunne planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning i realfag. 

Dei to første semestera har du undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk i dine to fag (fag 1 og fag 2) på campus. 

Undervisninga førebur deg til praksis både i ungdomsskole og i vidaregåande skole (30 dagar praksis kvart semester). Du får reflektere over praksiserfaringar saman med medstudentar og fagdidaktikarar. Slik får du kvalifikasjonar du trenger for å være lærar og kunne vidareutvikle deg og hele skolen.

I 3. semester førebur du deg på masteroppgåva gjennom eit emne om forskingsmetodar. I tillegg fordjupar du deg ytterlegare i fag 1 og avsluttar i 4. semester studiet med eit masterprosjekt. 

I masterprosjektet fordjupar du deg i ei fagdidaktisk problemstilling, setter deg inn i forskingsmetodar og viser at du har oppnådd kompetanse for å analysere komplekse problemstillingar.

Studiekvardag

Du møter engasjerte forelesere som sørger for at du blir godt kjent med dine medstudenter gjennom studentaktive undervisningsformer. Du får varierte arbeidsoppgaver som lar deg utvikle innsikt i læringsprosesser. Samtidig viser arbeidsproduktene hva du har oppnådd.

Nokre deler av undervisninga er obligatorisk, til dømes seminar i pedagogikk og praksis, og det inngår obligatoriske krav i de fleste emna (til dømes innleveringar, presentasjonar). Andre deler er frivillig og du bestemmer sjølv når og korleis du jobbar med disse.

Det blir arrangert fleire sosiale tilbod til lektorstudentar på UiB. Linjeforeininga Real Lektor er ein eigen linjeforeining for lektorstudentar i realfag. Du kan finna meir informasjon ved å søkje dei opp på Instagram. Du kan også engasjera deg i ein studentorganisasjon for å finna medstudentar med felles interesser.

Kva kan du jobbe som?

Programmet kvalifiserer for tilsetjing som lærar på trinn 5 til 13 i den norske skolen. Graden gjev grunnlag for undervisning i to fag. 

I tillegg vil du også kunne få jobb i mange andre sektorar som driv med opplæring. For eksempel i offentleg sektor, kulturskule, psykisk helse og sosialfeltet, i pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste og innan ei rekkje andre områder.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

• Bachelorgrad eller tilsvarande som inneheld minimum 80 studiepoeng i eitt av faga matematikk, fysikk, kjemi, biologi (fag 1).

Tverrfaglege program med meir bredde innan naturvitskap vil kunne kvalifisere etter en individuell vurdering

• Må, for et annet undervisningsfag (fag 2), oppfylle fagkrav som stilles til opptak til PPU ved UiB
• Kompetanse i norsk tilsvarande generell studiekompetanse
• Karaktersnitt i høvesvis dei 80 og dei 60 studiepoeng nemnt ovanfor, må være C eller betre

Politiattest må leverast ved studiestart.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Studieprogrammet byrjar om hausten og held fram i to år (fire semester). 

1. semester 

Pedagogikk (15 studiepoeng)

Fagdidaktikk (15 studiepoeng)

Praksis 30 dagar 


2. semester

Pedagogikk (15 studiepoeng) 

Fagdidaktikk (15 studiepoeng)

Praksis 30 dagar 


3. semester

Fordjuping i fag 1 (20 studiepoeng)

Masterførebuande emne (10 studiepoeng)


4. semester

Masteroppgåve i fagdidaktikk fag 1 (30 studiepoeng)

Det første studieåret utgjer praktisk-pedagogisk utdanning. Vær oppmerksam på at ein ikkje kan få vitnemål for praktisk-pedagogisk utdanning for det første studieåret før masterprogrammet er fullført.  

Her kan du lesa meir om lektorutdanning og jobbmoglegheiter.

Utveksling
Vidare studiemoglegheiter

Ph.d.-utdanning innan fagdidaktikk og annan utdanningsforsking, pedagogiske eller fagdidaktiske retningar. Du kan også studere vidare for å skaffe deg eit tredje undervisningsfag.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: lektor.realfag@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Profesjonsretta master i realfag med praktisk-pedagogisk utdanning