Standardar, krav og verktøy
Brukarrettleiingar for Open Journal Systems (OJS)
BOAP byggjer på Open Journal Systems – ei open kjeldekode-plattform for vitskapleg publisering.
- Open Journal Systems (pkp.sfu.ca)
- Learning OJS 3.3: A Visual Guide to Open Journal Systems – bruksrettleiing
- PKP School – rettleiing-videoar
- PKP support forum – spørsmål
Tildeling av ISSN
Alle tidsskrift som vert publisert hjå BOAP må ha eit ISSN. ISSN er eit internasjonalt system for identifisering av periodiske publikasjonar.
Korleis få ISSN?
I forkant av utgjeving bør redaksjonen sende ein søknad til ISSN Norge:
Tildeling av ISBN
I skriftseriar skal den enkelte monografien også ha eit ISBN som står for internasjonalt standard boknummer. Les meir om ISBN (nb.no).
Søknad om godkjenning som vitskapleg kanal
For at publisering i tidsskriftet skal verte teljande i NVI-rapporteringa, må tidsskriftet vere registrert som vitskapleg kanal. Tidsskrift vert godkjent etter visse kriterium som i korte trekk seier at tidsskriftet skal:
- vere identifiserbart med ISSN
- ha ein vitskapeleg redaksjon
- ha rutinar for fagfellevurdering
- ha ein nasjonal eller internasjonal forfattarkrets, dvs. at maksimalt 2/3 av forfattarane kan høyre til ein og same institusjon
Les meir om kriteria for godkjenning av publiseringskanalar (hkdir.no) og send inn skjema for forslag til vitskaplege kanalar samme stad.
Universell utforming
Det er eit krav at norske nettsider skal vere universelt utforma, og dette gjeld også innhald som vert publisert i digitale tidsskrift. Sjå UUtilsynet si nettside for meir informasjon:
Digital Object Identifier (DOI)
BOAP har inngått avtale med Crossref om bruk av DOI for BOAP. DOI er ein standard for identifisering av elektroniske objekt som til dømes tidsskrift, artiklar og bøker. Ein DOI sikrar ei stabil og permanent lenkje til objektet.
Det er opp til den enkelte redaksjon om dei ynskjer å nytte dette tilbodet. UB tek kostnadane for bruk av DOI, set opp Open Journal System (OJS) til å handtere DOI og overføre nødvendig metadata til CrossRef. Tidsskrifta forpliktar seg til, i den grad det er mogleg, å sikre at alle referansar inneheld ein DOI.