Bergen Open Access Publishing

Bergen Open Access Publishing (BOAP) er ei publiseringsteneste som støttar etablering og teknisk drift av opne tidsskrift eller skriftseriar for fagmiljø tilknytt Universitetet i Bergen.

Kva tilbyr BOAP

BOAP tilbyr ei publiseringsløysing for fagmiljø som ønskjer å etablere eit vitskapeleg tidsskrift eller skriftserie med open tilgang til innhaldet. Tenesta omfattar:

  • Teknisk drift av publiseringsplattforma Open Journal Systems
  • DOI-tildeling
  • Opplæring av redaktørar og redaksjon i bruk av publiseringsplattforma
  • Løpande brukarstøtte

Redaksjonen har ansvar for redaksjonelt arbeid, fagfellevurdering, innhald og publisering.

Vilkår for å bruke BOAP

Tidsskrift og skriftseriar må oppfylle krava under.

Fullstendige vilkår
  1. Tidsskriftet skal vere Open Access.
    • Tilgang skal vere gratis
    • Tilgang skal ikkje ha sperrer i form av brukarnamn/passord eller på ip-adresse
  2. Det skal vere gratis for forfattarar å sende inn manuskript og å publisere i tidsskriftet.
  3. Etablering av nye tidsskrift skal ha ei fagleg og vitskapleg grunngjeving.
  4. Tidsskriftet skal ha rutinar for fagfellevurdering og skal minimum tilfredsstille krav til eit nivå 1-tidsskrift.
  5. Tidsskriftet må fylgje OASPAs Code of conduct: http://oaspa.org/membership/membership-criteria/
  6. Tidsskriftet må publiserast med ein Creative Commons (CC)-lisens. UB tilrår ein CC BY-lisens, men redaksjonen kan også velje CC BY-SA eller CC BY-NC. Lisensen må godkjennast av forfattar og lisensen må synleggjerast på nettsida til tidsskriftet, på den enkelte artikkel og i fulltekst (PDF). Ein maskinlesbar versjon av lisensen må også inkluderast i artikkelen.
  7. Forfattar skal behalde opphavsretten utan avgrensingar, men gje tidsskriftet rett til å vere fyrste utgjevar.
  8. Tidsskriftet skal ha tilknyting til Universitetet i Bergen. Til dømes skal redaktør, redaksjonsmedlemmer eller tidsskriftets administrative personale vere tilsett ved institusjonen.
  9. Tidsskriftet må ha ein realistisk utgjevingspolitikk og årleg gje ut minimum seks artiklar eller fagfellevurderte bidrag i andre former.
  10. Publiserte artiklar må følgje gjeldande krav om universell utforming.
  11. Om retningslinjene ikkje vert følgt, kan UB fjerne tidsskriftet frå BOAP.
  12. Vilkår og retningslinjer kan endrast.

Slik kjem du i gang

Send ein e-post til boap@uib.no med kort informasjon om tidsskriftet for å avtale eit møte.

 

Kontakt BOAP

E-post
boap@uib.no
Sist oppdatert: 16.06.2026